Ringenes herre: Atter en konge

Ringenes herre: Atter en konge (originaltittel: The Lord of the Rings: The Return of the King) er ein fantasy-spelefilm frå 2003 med regi av Peter Jackson. Dette er den siste filmen i filmtrilogien basert på Ringdrotten av J.R.R. Tolkien, og han kom ut 17. desember 2003 i USA. Filmen vart nominert til heile elleve Oscar-prisar, og vann alle kategoriane han var nominert i. Ein utvida versjon av Atter en konge kom ut på DVD i desember 2004.

The Lord of the Rings: The Return of the King
Norsk tittel: Ringenes herre: Atter en konge
RegiPeter Jackson
Produsent(ar)Barrie M. Osborne
Peter Jackson
Fran Walsh
Forfattar(ar)Robert Shaye, Mark Ordesky, Harvey Weinstein, Michael Lynne, Bob Weinstein Sjå dette på Wikidata
ManusFran Walsh
Philippa Boyens
Peter Jackson
Basert påAtter en konge Sjå dette på Wikidata
MedverkandeElijah Wood
Ian McKellen
Viggo Mortensen
Liv Tyler
Miranda Otto
John Rhys-Davies
Sean Astin
Andy Serkis
Bernard Hill
John Noble
MusikkHoward Shore
KlippJamie Selkirk
SjeffotografAndrew Lesnie
DistributørInterCom, New Line Cinema Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato1. desember 2003
Lengd201 min.
OpphavslandNew Zealand
SpråkEngelsk, sindarin-alvisk
Budsjett94 millionar $
Inntening1 140 682 011 US-dollar Sjå dette på Wikidata

HandlingEndra

Frodo Lommelun (Elijah Wood) og Samvis Gamgod (Sean Astin) har no blitt ført heilt til grensa av landet Mordor ved hjelp av Gollum / Smýgol (Andy Serkis). Ringen blir stadig tyngre å bera for Frodo. Gollum fører dei til ei bratt trapp opp i fjella som skal ta dei inn i Mordor, men Samvis stoler mindre og mindre på at Gollum har ærlege hensikter.

Etter slaget ved Hjelmsdjupet rir Gandalv (Ian McKellen) og Pippin (Billy Boyd) til Minas Tirith i Gondor for å overtala forvaltaren av Gondor, Denethor (John Noble) til å ta i mot hjelp frå Rohan. Kong Théoden (Bernard Hill) samlar hærstyrkane sine for å dra til Minas Tirith. Elrond (Hugo Weaving) overleverer det omsmidde sverdet etter kong Isildur til Aragorn (Viggo Mortensen). Dette sverdet vart brukt til å skjera ringen av handa til Sauron i fortida. Aragorn har Isildur til stamfar og er hans rettmessige arving, og dermed arving til trona i Gondor. Saman med Legolas (Orlando Bloom) og Gimli (John Rhys-Davies) forlèt han hæren til Théoden og reiser til det heimsøkte fjellet Dwimmorberg. Det bryggjer opp til eit stort slag ved Minas Tirith mot styrkane til Sauron samtidig med at Frodo og Sam rykkjer lengre inn i fienden sitt territorium med ringen.


RollelisteEndra

Rolle Skodespelar
Frodo Lommelun Elijah Wood
Samvis Gamgod Sean Astin
Gollum / Smýgol Andy Serkis
Peregrin Tók Billy Boyd
Muntiadok Brennibukk Dominic Monaghan
Aragorn Viggo Mortensen
Arwen Liv Tyler
Elrond Hugo Weaving
Legolas Orlando Bloom
Gimli John Rhys-Davies
Treskjegg (stemme) John Rhys-Davies
Gandalv Ian McKellen
Théoden Bernard Hill
Éowyn Miranda Otto
Éomer Karl Urban
Boromir Sean Bean
Faramir David Wenham
Denethor John Noble
Galadriel Cate Blanchett
Celeborn Marton Csokas
Ian Holm Bilbo Lommelun

KjelderEndra