Opna hovudmenyen

Alan Christie Wilson (4. juli 19433. september 1970) var ein USA-amerikansk musikar som var med å skipe, leie og skrive songar for bluesrockbandet Canned Heat. Han spelte munnspel, gitar og song med gruppa både på scenen og innspelingane deira. Wilson var songaren på dei største hittane til Canned Heat, «On the Road Again» og «Going Up The Country».

Alan Wilson
Canned Heat 1970.JPG
Fødd4. juli 1943(1943-07-04)
FødestadArlington i Massachusetts i USA
Død3. september 1970 (27 år)
DødsstadTopanga i California i USA
FødenamnAlan Christie Wilson
AliasBlind Owl
OpphavUSA
Aktiv1960–1970
Sjanger
Instrument
  • Gitar
  • vokal
  • munnspel
Tilknytte artistar
PlateselskapLiberty Records
Verka som
  • Musikar
  • låtskrivar

Han fekk kallenamnet «Blind Owl» av den amerikanske gitaristen John Fahey fordi han var ekstremt nærsynt.[1] Ein gong skal han til dømes ha lagt gitaren sin på bryllaupskaka då han spelte i eit bryllaup fordi han ikkje såg ho.[2]

Med Canned Heat spelte Wilson på to kjende konsertar i 1960-åra, Monterey Pop Festival i 1967 og Woodstockfestivalen i 1969.

Den 3. september 1970 vart Wilson funnen død i ei åssie bak huset til bandkollegaen Bob Hite i Topanga Canyon. Han vart 27 år gammal. Ein obuksjon synte at dødsvarlet var ein overdose av sovemiddel.[3] Wilson leid av depresjon,[4] men det er ikkje klart om dødsfallet var eit sjølvmord eller ikkje.[5] Wilson døydde berre to veker før Jimi Hendrix og fire veker før Janis Joplin, som òg begge var 27 år gamle.

Stephen Stills-songen «Blues Man» frå albumet Manassas er dedisert til Wilson, Jimi Hendrix og Duane Allman.

KjelderEndra

  1. Davis, Rebecca (2013). Blind Owl Blues: The Mysterious Life and Death of Blues Legend Alan Wilson. Blind Owl Blues. s. 62, 63. ISBN 0-615-79298-7. 
  2. de la Parra, Fito (2000). Living The Blues: Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex, and Survival. Canned Heat Music. s. 125. ISBN 0-9676449-0-9. 
  3. Davis, Rebecca (2013). Blind Owl Blues: The Mysterious Life and Death of Blues Legend Alan Wilson. Blind Owl Blues. s. 229, 243. ISBN 0-615-79298-7. 
  4. Talevski, Nick (2006). Rock Obituaries - Knocking On Heaven's Door. Omnibus Press. s. 719. ISBN 1-84609-091-1. 
  5. Rolling Stone issue #68, published 29. oktober 1970

BakgrunnsstoffEndra