On the Road Again av Canned Heat

On the Road Again
Singel av Canned Heat
frå albumet Boogie with Canned Heat
B-side

Boogie Music

Utgjeve 24. april 1968
Innspelt 6. september 1967
Studio Liberty i Los Angeles
Sjanger Bluesrock, psykedelisk rock
Lengd 3:28
Selskap Liberty (no. 56038)
Komponist Alan Wilson
Tekstforfattar Alan Wilson
Låtskrivar(ar) Floyd Jones, Alan Wilson
Produsent Cal Carter
Canned Heat-kronologi 
«Evil Woman»
(1967)
On the Road Again «Going Up the Country»
(1968)


«On the Road Again» er ein song spelt inn av det amerikanske bluesrockbandet Canned Heat i 1967. Det er ein drivande, bluesrock-boogie,[1] som vart omarbeidd frå tidlegare bluessongar med element av psykedelisk rock. I motsetnad til dei fleste Canned Heat-songane på denne tida, er det andregitarist og munnspelspelaren Alan Wilson som syng den særeigne falsettvokalen. «On the Road Again» kom først ut på det andre albumet deira, Boogie with Canned Heat i januar 1968. Ein redigert versjon av songen kom ut på singel i april 1968 og «On the Road Again» vart den første hitten deira og ein av dei mest kjende songane til Canned Heat.

Tidlegare songar

endre

Chicago blues-musikaren Floyd Jones spelte inn ein song kalla «On the Road Again» i 1953.[2] Denne var ei omarbeiding av den suksessrike songen hans «Dark Road» frå 1951.[3] Begge songane er baserte på delta blues-artisten Tommy Johnson sin «Big Road Blues» frå 1928[4] (Canned Heat tok namnet sitt frå Johnson-songen «Canned Heat Blues»[5]). Teksten til Johnson innheldt mellom anna linja: «Well I ain't goin' down that big road by myself ... If I don't carry you gonna carry somebody else».

Begge songane har det same «hypnotiske, ein-akkords bordun»-arrangementet.[6][7]

Medverkande

endre

Lister

endre
Liste (1968–1969) Plassering
Australia Go-Set Top 40[8] 9
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[9] 5
Canada RPM Top Singles[10] 8
Frankrike (SNEP)[11] 7
Tyskland (Media Control AG)[12] 13
Irland (Irish Singles Chart)[13] 14
Italia (FIMI)[14] 23
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[15] 5
Nederland (Mega Single Top 100)[16] 3
Sveits (Schweizer Hitparade)[17] 3
Storbritannia (Official Singles Chart)[18] 8
USA (Billboard Hot 100)[19] 16

Kjelder

endre
  1. [[#CITEREFGioia}2008|Gioia}2008]], s. 262–263.
  2. J.O.B. Records 1013
  3. J.O.B. 1001
  4. Victor Records 21409
  5. Koda 1996, s. 142.
  6. Rowe 1991, s. 2.
  7. Palmer 1981, s. 231.
  8. «On the Road Again in Australian Chart». Poparchives.com.au. Arkivert frå originalen 26. mars 2018. Henta 26. august 2018. 
  9. "Ultratop.be – Canned Heat – On the Road Again" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  10. «On the road again in Canadian Top Singles Chart». Library and Archives Canada. Henta 26. august 2018. 
  11. «On the road again in French Chart» (på French). Dominic DURAND / InfoDisc. 26. august 2018. Henta 26. august 2018. 
  12. "Canned Heat - On The Road Again". Charts.de. Media Control.
  13. «On the road again in Irish Chart». IRMA. Henta 26. august 2018. 
  14. «Indice per Interprete: C». HitParadeItalia (it). Henta 26. august 2018. 
  15. "Nederlandse Top 40 – Canned Heat search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40.
  16. "Dutchcharts.nl – Canned Heat – On the Road Again" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  17. "Canned Heat – On the Road Again – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien.
  18. «Canned Heat – Singles». Official Charts. Henta 26. august 2018. 
  19. Russo 1994, s. 22.

Bakgrunnsstoff

endre