Alarmprisen

samling av musikkprisar
(Omdirigert frå Alarmprisen 2004)

Alarmprisen er ein norsk musikkpris som blir delt ut ein gong i året til norske artistar innan eit utvida pop/rock-omgrep. Prisen blei etablert som eit alternativ til Spellemannprisen og Hit Awards og blei delt ut fyrste gong 3. februar 2001. Prisen blir delt ut av stiftelsen Alarm. I oktober 2008 bestemte styret å ikkje gjennomføra utdelinga for 2008 på grunn av pengemangel, og prisen har ikkje vorte delt ut sidan.

Ved foreløpig siste prisutdeling, prisutdelinga i 2007, blei det delt ut prisar i seks sjangerbestemte klassar og seks tilleggsklassar. Klassane pop, rock, hip-hop/rap, metal, låt og live har blitt delt under alle utdelingane, mens dei øvrige klassane har kome til i løpet av åra. Blant dei er årets Alarmpris, som også har gått under namnet Alarmjuryens spesialpris.

Vinnarar av Alarmprisen endre

År   Kategori
 
Rock Pop Hip hop/rap Elektronika[1] Metall Jazz Beste låt[2] Beste liveband Beste video Årets nykommer[3][4] Alarmprisen[5] Andre[6]
2001 Motorpsycho Sister Sonny Tungtvann Illumination[1] Immortal Tungtvann Satyricon Musikkgruppa Briskeby[3] Amulet Årets plateselskap:
DBut
Årets nettside:
Moonfog.com
2002 Kaizers Orchestra Röyksopp Warlocks Röyksopp[1] Dimmu Borgir Jaga Jazzist Röyksopp Kaizers Orchestra Amulet
2003 JR Ewing Thomas Dybdahl Gatas Parlament Jaga Jazzist Satyricon Dadafon Satyricon Turboneger Kaada Ephemera
2004 Turboneger Magnet Equicez Ralph Myerz and the Jack Herren Band Dimmu Borgir Supersilent Ephemera Turboneger Paperboys Karin Park Silver
2005 WE Annie Jaa9 & OnklP Ralph Myerz and the Jack Herren Band Enslaved Lars Horntveth Euroboys WE Kings of Convenience Annie Jim Stärk
2006 Madrugada Ane Brun Paperboys Cloroform El Caco Shining Madrugada Purified in Blood Cast Mira Craig Sofian Klubb:
Röyksopp
«Blodfan»:
Henning Klokkeråsen
Turnéprisen:
Serena Maneesh
2007 My Midnight Creeps Marit Larsen Karpe Diem Kim Hiorthøy Dimmu Borgir Shining Superfamily Superfamily Tungtvann Moving Oos Ida Maria RiksAlarm:
Ungdomskulen

Bakgrunnsstoff endre

  • Lista over vinnarar er henta frå «Liste over vinnere av Alarmprisen» frå Bokmålswikipedia, 9. februar 2011.

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Elektronika-kategorien vart utdelt ut frå 2003 til 2007, men heitte «House/Techno» dei to fyrste åra. Dermed er prisen til Illumination og Röyksopp i denne kategorien dei to fyrste åra eigentleg prisen for beste House/Techno.
  2. I 2004 og 2005 vart «Beste låt» utdelt som ein del av Petreprisen.
  3. 3,0 3,1 Årets nykommer-kategorien vart utdelt for fyrste gong i 2005, men i 2001 fanst det ein liknande kategori som heitte «Årets overraskelse». Denne vart utdelt til musikkgruppa Briskeby.
  4. I 2004 og 2005 var «Årets nykommer» ein del av Lydverketprisen.
  5. Alarmprisen vart utdelt frå 2004 til 2007, men hadde fyrst namnet «Alarm-juryens spesialpris» i 2002 og 2003.
  6. Andre-kategorien inneheld prisar som berre vart delt ut éin gong.