Turboneger, kjend som Turbonegro i utlandet, er eit myteomspunne norsk pønkrock-band frå Follo. Sjølve kallar dei musikken sin death pønk. Gruppa vart danna i 1988 av Rune Grønn, Pål Bøttger Kjærnes og Thomas Seltzer.

Turboneger

Aktiv1989–
Sjangerpønkrock, hardrock, Glam punk
PlateselskapVirgin Records
PrisarSpellemannprisen i rock, Alarmprisen i rock, Alarmprisen for årets liveartist, Alarmprisen for årets liveartist, Gammleng-prisen
Turboneger på Southside Festival i 2005.

Historie

endre

På det første albumet, Hot Cars and Spent Contraceptives, var Harald Fossberg vokalist. Han hadde tidlegare spelt i ei av dei tidlegaste pønkgruppene i Oslo, Hærverk. Då Harald Fossberg grunna sjukdom gav seg som vokalist i Turboneger hanka dei inn ein kjenning av han som ny vokalist, Hans-Erik Dyvik Husby. Dei to kjente kvarandre mellom anna frå RadiOrakel i Blitzhuset. Etter vokalistskiftet endra gruppa namn til Stierkampf og gav ut ei 10-toms EP-plate kalla Grunge Whore, før dei tok attende namnet Turboneger.

Gruppa opererte lenge som eit undergrunnsband og fekk ganske mange tilhengjarar – såkalla «Turbojugend» – med albuma Ass Cobra (1996) og Apocalypse Dudes (1998), men så vart gruppa brått oppløyst etter Hank von Helvete sitt heroinsamanbrot under Europa-turnéen i 1998.

I 2002 vart gruppa samla att og opptredde på Quartfestivalen det same året. I 2003 gjekk singelen Fuck The World frå albumet Scandinavian Leather til topp på hitlistene i Noreg. Denne plata vann Spellemannprisen 2003 i klassen rock.

Medlemer

endre

Tidlegare medlemer

endre

Prisar og utmerkingar

endre

Diskografi

endre

Album

endre

Konsertalbum

endre

Samlealbum

endre

EP-ar

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Turboneger