Thomas Dybdahl (fødd 12. april 1979) er ein norsk songar og låtskrivar frå Sandnes. Han er vinnar av Spellemannprisen og Alarmprisen.

Thomas Dybdahl

Fødd12. april 1979 (45 år)
FødestadSandnes kommune, Noreg
OpphavNoreg
Instrumentgitar, vokal
Verka somsongar-låtskrivar, songar, gitarist, komponist
PrisarSpellemannprisen for årets popsolist, Spellemannprisen for årets mannlige artist, Alarmprisen i pop, Amandaprisen for beste musikk, Amandaprisen for beste musikk

Dybdahl var gitarist i det jazz- og popinspirerte Stavanger-bandet Quadrophenics. Han fekk mykje merksemd for singeldebuten «Bird» i 2000. EP-en John Wayne i 2001 vart ikkje så populær.

Året etter gav Dybdahl ut sitt første musikkalbum, That Great October Sound. Albumet selde godt, og blei spelt mykje på radio, samstundes som media gav albumet mykje merksemd. Platene Stray Dogs (2003) og One Day You'll Dance For Me, New York City (2004), bygde opp om Dybdahl sin posisjon som ein viktig popmusikar i Noreg.

Thomas Dybdahl er òg vokalist i popgruppa The National Bank, som omfattar medlemer mellom anna frå Jaga Jazzist. The National Bank album- og konsertdebuterte sommaren 2004, og mottok Spellemannprisen for årets pop-album.

Utgjevingar

endre

Musikkalbum

endre
  • ...That Great October Sound (2002)
  • Stray Dogs (2003)
  • One Day You'll Dance For Me, New York City (2004)
  • October Triology (2006)
  • Science (2006)
  • Waiting For That One Clear Moment (2010)
  • What's Left Is Forever (2013)
  • The Great Plains (2017)
  • All These Things (2018)
  • Fever (2020)

EP-ar og singlar

endre
  • Bird EP (2000)
  • John Wayne EP (2001)
  • Rain down on me (2003)
  • A lovestory (2004)

Deltaking i andre musikkutgjevingar

endre

Utmerkingar

endre

Bakgrunnsstoff

endre