Alba i Italia

(Omdirigert frå Alba i Cuneo)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Alba (fleirtyding).

Alba er ein bykommune i Piemonte i Italia med om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Tanaro, 50 km søraust for Torino.

Alba
Horisonten til Alba i Italia
Horisonten til Alba i Italia
Byvåpenet til Alba i Italia
Styresmakter
Region
Provins
Piemonte
Cueno
Geografi
Flatevidd 54 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2007)
   - folketettleik

35645
  568/km²
Koordinatar 44°43′0″N 8°5′0″E / 44.71667°N 8.08333°E / 44.71667; 8.08333
Høgd over havet 172 m
Tidssone
- Ved sommartid
UTC+01:00, UTC+2 (UTC)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 12051
Heimeside: https://www.comune.alba.cn.it/
Nettstad: www.comune.alba.cn.it

Alba er rekna som hovudstaden i Langhe-området. Han er ein handelsby med næringsmiddel- og tekstilindustri. Sjokolade- og konfektverksemda Ferrero har hovudkontor her. Byen er kjend for sin kvite trøffel, fersken og vin. Særleg kjend er raudvinen Barbera d'Alba.

Frå domkyrkja i Alba.

Historie

endre

I antikken heitte byen Alba Pompeia. Den kortliva romerske keisaren Pertinax var fødd her.

Etter at Vestromarriket fall blei byen plyndra fleire gonger av burgundarar, lombardar og frankarar. På 1000-talet blei han ein bystat med medlemskap i Det lombardiske forbundet.

26. april 1796 blei Republikken Alba erklært her då franske revolusjonære styrkar tok byen. Denne handlinga fann gjenklang under andre verdskrigen, då partisanar i nokre veker i oktober 1944 hadde ein sjølvstendig republikk i Alba.

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre
  Denne geografiartikkelen som har med Italia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.