Albansk mat omfattar ei variert blanding av middelhavskost og balkansk husmannskost, med stort innslag av reine, ferske råvarer. Det finst store regionale skilnader og sterke innslag frå italienske, tyrkiske, osmanske og greske mattradisjonar, med olivenolje, eddik, mange grønsaker som tomat, agurk, paprika, oliven og mais, lokalt krydder som basilikum, mynte, oregano og pepar, og ost. Vanleg tilbehøyr er ris, brød eller potet. Ein bruker mykje kjøtt, gjerne lam, storfe og kylling, men også svin, også blant muslimar. Kjøtet blir gjerne tilreidd ved langsom koking. Ved kysten et ein mykje fisk og skaldyr, grilla og fritert. Mange stader et ein også froskelår og hare.[1]

Bukë misri, maisbrød, med olivenolje og tilbehøyr.

Kjelder endre

  1. Endresen, Cecilie (16. mai 2019). «Albania». Store norske leksikon (på norsk). 
  Denne matartikkelen som har med Albania å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.