Albert Bierstadt
Albert Bierstadt (8. februar 1830–18. februar 1902) var ein tysk-amerikansk kunstnar. Han er best kjend for sine landskapsmåleri i stor skala, særleg av dei vestlege delane av USA.
Albert Bierstadt | |
Statsborgarskap | Kongedømet Preussen, USA |
Fødd | 7. januar 1830 Solingen |
Død |
18. februar 1902 (72 år) |
Yrke | kunstmålar, fotograf, bygningstegner, scenograf |
Sjanger | landskapsmåleri |
Medlem av | American Academy of Arts and Letters |
Albert Bierstadt på Commons |
Liv og gjerning
endreBierstadt var fødd i Tyskland, men voks opp i USA då foreldra emigrerte dit i 1832. Bierstadt reiste tilbake til fødelandet og studerte frå 1853 i Düsseldorf under Carl Friedrich Lessing og Andreas Achenbach. Før han fór tilbake til USA i 1857, reiste han vide i Tyskland, Sveits og delar av Italia.
Sidan la han ut på fleire lange turar gjennom USA, der han henta motiv til bileta sine. Bierstadt var ikkje den fyrste kunstnaren som presenterte bilete frå den ville vesten, men for resten av det 19. hundreåret var han den viktigaste tolkaren av landskapet i det vestlege USA. Storm i fjella frå 1870 er eit av dei mest særprega måleria hans.
Bierstadt var del av den såkalla Hudson-River-skulen, ei ganske laus gruppe eller retning av likesinna målarar. Målarane la vekt på nøyaktige og detaljerte bilete i eit romantisk, nærast glødande lys, av og til kalla luminisme. Bierstadt vert også knytt til ei anna retning i USA-amerikansk målarkunst, kalla for Rocky-Mountains-skulen.
Verk i utval
endre-
Roman Fish Market. Arch of Octavius. De Young Museum, San Francisco i California
-
Guerilla Warfare, Civil War by Albert Bierstadt, 1862, Century Association, New York, NY
-
Staubbach Falls, Near Lauterbrunnen, Switzerland, 1865
-
Yosemite Valley, Yosemite Park, ca. 1868, Oakland Museum i Oakland i California
-
Storm in the Mountains, ca. 1870, Museum of Fine Art, Boston, MA
-
Mount Adams, Washington, 1875, Princeton University Art Museum
-
Gosnold at Cuttyhunk (c. 1858), New Bedford Whaling Museum, New Bedford, MA
-
The Marina Piccola, Capri (1859), Albright-Knox Art Gallery, Buffalo, New York
-
Indians Spear Fishing, 1862
-
Looking Down Yosemite Valley, California (1865), Birmingham Museum of Art, Birmingham i Alabama
-
Lake Tahoe (1868), Fogg Art Museum, Cambridge i Massachusetts
-
Sierra Nevada (ca. 1871–1873), Reynolda House Museum of American Art, Winston-Salem, North Carolina.
-
A Storm in the Rocky Mountains, Mt. Rosalie (1866), Brooklyn Museum, New York
-
California Spring, 1875, De Young Museum, San Francisco i California
-
Light in the Forest, ukjend dato
-
Sunrise on the Matterhorn, Metropolitan Museum of Art
-
Estes Park, Long's Peak, 1877, Denver Art Museum
-
Emerald Sea (or The Shore of the Turquoise Sea), 1878, Manoogian Collection, Detroit
-
Giant Redwood Trees of California, 1874, Berkshire Museum, i Massachusetts
Kjelder
endre- Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon
- Denne artikkelen bygger på «Albert Bierstadt» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mars 2012.