Opna hovudmenyen

Albert Johnsen Moen (12. juli 187912. oktober 1962) var ein norsk småbrukar og stortingsmann frå Sparbu i Nord-Trøndelag. Han representerte Arbeidarpartiet og Nord-Trøndelag på Stortinget frå 1922 til 1945.

Albert Moen
Albert Moen.JPG
Fødd 12. juli 1879
Steinkjer
Død

12. oktober 1962

Yrke politikar, bonde

Moen var son til ein gardbukar i Henning. Etter folkeskulen og framhaldsskulen var han 1898-1900 elev ved Mære landbruksskole. I åra fram til 1910 var han tre-, anleggs- og teglverksarbeidar ved Trana Teglverk A/S i Steinkjer. Frå 1910 var han nyrydningsmann og småbrukar på Moen i Henning sokn, der han braut opp over 40 mål jord nyland. Samstundes var han vegarbeidsformann i Henning.

Moen var stiftar og formann i Sparbu og Henning Arbeiderparti, samt formann i Verdalens krinsparti av Arbeidarpartiet. I tida 1916-24 var han medlem av Sparbu heradsstyre. Hausten 1921 vart han vald inn på Stortinget frå valkrinsen Nord-Trøndelag, som den aller fyrste frå Arbeidarpartiet. Han vart verande stortingsrepresentant heilt 1945. På Tinget var han medlem 1922-27 i Jarnbanekomiteen, 1928-30 i Landbrukskomiteen, 1931-36 i Protokollkomiteen og 1937-45 i Helsekomiteen. Samstundes fekk han plass i fleire offentlege utval. Mellom anna var han med i Statens kornankenemnd frå 1929, i Den departementale kjøttkontrollkomité av 1936, i Småbrukarutvalet av 1936 og til sist medlem i Vinmonopolet sitt råd.

Lokalt tok Moen del i kulturlivet som dirigent av songkor og som revyforfattar. Han vart i 1959 tildelt Kongens fortjenstmedalje i gull.

KjelderEndra