Albor Tholus
Albor Tholus er ein utdøydd vulkan i Elysium Planitia-regionen på Mars. Han ligg sør for nabovulkanane Elysium Mons og Hecates Tholus. Albor Tholus er 4,5 kilometer høg og har ein diameter på 160 kilometer på bakkenivå. Kalderaen har ein diameter på 30 km og er 3 kilometer djup. Samanlikna med terrestriske vulkanar er kalderaen særs djup. Undersøkingar av Europa sin Mars Express-sonde fann at vulkanane i Elysium-regionen tidlegare har vore aktive over lengre periodar.
Albor Tholus | |||
Topografikart over Albor Tholus og nærområda | |||
Ligg i/på | Elysium Planitia | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 18,8° N, 150,4°A | ||
Høgd | 4,5 km |