Hecates Tholus
Hecates Tholus er ein vulkan på Mars. Resultat frå Mars Express-sonden indikerer at vulkanen hadde eit større utbrot for 350 millionar år sidan. Utbrotet laga ein kaldera 10 km i diameter. Det har blitt føreslege at isbreavsetjingar seinare delvis fylte opp kalderaen og ei anna nedsenking nær ved. Kraterteljingar indikerer at dette hende so nyleg som 5 til 20 millionar år sidan. Klimamodeller viser at is i dag ikkje er stabil på Hecates Tholus, slik at klimaet må vore annleis på Mars før sidan isbreane var aktive. Det har blitt vist at alderen til isbreane passar med ein periode med auka aksehelling av Mars sin rotasjonsakse. [1]
Hecates Tholus | |||
2001 Mars Odyssey-bilete av Hecates Tholus. | |||
Ligg i/på | Elysium Planitia | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 32,1° N, 150,2°A |
Vulkanen ligg på 32,1°N 150,2°E på Elysium Planitia og har ein diameter på 183,0 km. Han er den nordlegaste av dei tre Elysium-vulknana; sør for han ligg dei to andre, Elysium Mons og Albor Tholus.
I planetologi er eit tholus eit lite kuppelforma fjell eller ein liten ås.
Fotnotar
endre- ↑ Ernst Huber; et al. (17. mars 2005). «Discovery of a flank caldera and very young glacial activity at Hecates Tholus». Nature 434: 356 - 361.
Bakgrunnsstoff
endre- Google Mars - zoombart kart sentrert på Hecates Tholus
- Liste over tholi-formasjonar på Mars
- Bilete av Hecates Tholus Arkivert 2012-10-16 ved Wayback Machine. tekne av Mars Express