Dead Man av Neil Young
Dead Man Filmmusikkalbum av Neil Young | ||
Utgjeve | 27. februar 1996 | |
Innspelt | 27. mars 1995 | |
Sjanger | Instrumental rock, eksperimentell rock | |
Lengd | 62:24 | |
Selskap | Vapor | |
Produsent | Neil Young, John Hanlon | |
Neil Young-kronologi | ||
---|---|---|
Mirror Ball (1995) |
Dead Man | Broken Arrow (1996)
|
Dead Man er filmmusikken til westernfilmen Dead Man av Jim Jarmusch med Gary Farmer og Johnny Depp som William Blake. Neil Young improviserte fram musikken (hovudsakleg på elektrisk gitar, og noko akustisk gitar, piano og orgel) samstundes med at han kikka på filmen i eit platestudio. Albumet består av sju instrumentale spor av Young, med utdrag frå dialog frå filmen og Johnny Depp som les dikta til William Blake mellom musikken. Versjonen av hovudtemaet som vert nytta i byrjinga og slutten av filmen er ikkje med,[3] men vart gjeven ut som singel.[4]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Robert Christgau | [2] |
Utgjeving
endreAlbumet kom ut i 1996. I tillegg til den vanlege CD-utgåva kom det ei spesialutgåve med eit spesiallaga omslag. Omslaget såg ut som eit fotoalbum frå 1800-talet, der ryggen var kledd i tøy og sjølve omslaget var i svart, laminert papp.
Innhald
endreSpora på albumet har ikkje offisielle namn, så innhaldslista under er uoffisiell.
All musikk er komponert av Neil Young.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Gitar Solo, No. 1» | 5:17 |
2. | «The Round Stones Beneath the Earth...» | 3:31 |
3. | «Gitar Solo, No. 2» | 2:03 |
4. | «Why Does Thou Hide Thyself, Clouds...» (Inneheld delar av William Blake-diktet «To Nobodaddy») | 2:24 |
5. | «Orgel Solo» | 1:33 |
6. | «Do You Know How to Use This Weapon?» (Inneheld delar av «The Marriage of Heaven and Hell») | 4:24 |
7. | «Gitar Solo, No. 3» | 4:31 |
8. | «Nobody's Story» (Inneheld delar frå eit brev Blake skreiv til Thomas Butts) | 6:35 |
9. | «Gitar Solo, No. 4» | 4:22 |
10. | «Stupid White Men...» | 8:45 |
11. | «Gitar Solo, No. 5» | 14:40 |
12. | «Time for You to Leave, William Blake...» | 0:51 |
13. | «Gitar Solo, No. 6» | 3:22 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dead Man (soundtrack)» frå Wikipedia på engelsk, den 31. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Unterberger, Richie. Dead Man av Neil Young på Allmusic
- ↑ Robert Christgau review
- ↑ Dead Man: Neil Young Amazon staff review.
- ↑ Neil Young's Rare & Unreleased Songs