Opna hovudmenyen
Mirror Ball
Studioalbum av Neil Young med Pearl Jam
Utgjeve 27. juni 1995
Innspelt 26. januar til 10. februar 1995
Studio Bad Animals Studio i Seattle
Sjanger Rock, alternativ rock, grønsj
Lengd 55:14
Selskap Reprise/Epic
Produsent Brendan O'Brien
Neil Young-kronologi
Sleeps with Angels
(1994)
Mirror Ball Dead Man
(1996)


Mirror Ball er det 24. albumet til Neil Young, spelt inn i lag med Pearl Jam, og gjeve ut 27. juni 1995 på Reprise Records. Albumet selde til gullplate i USA.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Blender2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]
Robert Christgau(1/3 stars honorable mention)(1/3 stars honorable mention)(1/3 stars honorable mention)[3]
Entertainment Weekly(A-)[4]
NME(9/10)[5]
Rolling Stone4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[6]
Spin8/10 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[7]
Timefavorable[8]

InnspelingEndra

Innspelinga fann stad i januar og februar 1995 i Bad Animals Studio i Seattle. Albumet vart produsert av Brendan O'Brien, som tidlegare hadde arbeidd med Pearl Jam-albuma Vs. i 1993 og Vitalogy i 1994.

Neil Young gjekk i studio med Pearl Jam i Seattle i januar 1995, elleve dagar før bandet skulle spele på ein konsert til støtte for retten til å ta abort i Washington, D.C.[9] Albumet vart spelt i løpet av fire dagar.[10][11] Young valte å spele songane inn live i studio. I januar tok Young med seg «Song X», «Act of Love» og fem andre songar i studio for den første innspelinga i januar.[9][11] For den andre innspelinga i februar hadde han med seg fleire songar.[11] Young skreiv òg to nye songar for innspelinga i februar og ein song frå januar vart spelt inn på ny.[11] Young sa at alle songane, bortsett frå «Song X» og «Act of Love», vart skrivne i løpet av dei fire dagane albumet vart spelt inn.[11]

Young sa han reiste til Seattle for å spele inn plata som ein «utfordring».[11] Han sa: «Å spele inn Mirror Ball var som audio vérité, berre eit bilete av kva som skjedde. Stundom visste eg ikkje kven som spelte. Eg var berre medviten om denne store lydmassen.»[11] Pearl Jam-vokalist Eddie Vedder var ikkje mykje til stades på innspelingane.[12] Vedder forklarte at han på denne tida vart forfulgt av ein tilhengjar og det var problem for å han å forlate huset sitt.[12] Vedder skreiv seinare ein song om dette, «Lukin» på Pearl Jam-albumet No Code i 1996.[13] Pearl Jam-gitarist Stone Gossard sa at Mirror Ball «kom på ei tid då me trengde det, at Neil tenkte me var eit band det kunne vere bra å spele inn ei plate med. Han hadde truleg vondt av oss. Han gjorde det heilt greit for oss å vere dei me var. Han tar ikkje karrieren sin så seriøst at han ikkje kan gjere endringar. Brått var me altfor seriøse»[12]

Utgjeving og mottakingEndra

Mirror Ball nådde femte plass på den amerikanske albumlista og selde til gull.[14] I Noreg hamna albumet på andreplass.

Albumet fekk blanda kritikk, men både NME og Rolling Stone gav albumet gode kritikk.

Det vart laga musikkvideoar av både «Downtown» og «Peace and Love».

TurneEndra

Etter albumet var ferdig, slo fleire av medlemmene i Pearl Jam, utan Vedder, seg med Young for ein kort turne i Europa i august 1995. Tilhengjarane kalla dei Neil Jam.[15] Pearl Jam-gitarist Mike McCready sa «Det var ein draum som vart verkelegheit. Me fekk spele masse Neil Young-songar i lag med Neil Young sjølv, og fekk reise til Berlin, til Jerusalem, til Raudehavet.»[16]

InnhaldEndra

# Tittel Lengd
1. «Song X»   4:40
2. «Act of Love»   4:54
3. «I'm the Ocean»   7:05
4. «Big Green Country»   5:08
5. «Truth Be Known»   4:39
6. «Downtown»   5:10
7. «What Happened Yesterday»   0:46
8. «Peace og Love» (Young, Eddie Vedder) 7:02
9. «Throw Your Hatred Down»   5:45
10. «Scenery»   8:50
11. «Fallen Angel»   1:15

MedverkandeEndra

Pearl Jam
Produksjon
  • John Aguto, Sam Hofstedt, Chad Munsey – assisterande lydteknikar
  • Nicky Alexander, Girsh – trommeteknikar
  • Joel Bernstein – prouduksjonsassistent, typografi og mosaikkportrett av Neil Young
  • Gary Burden – kunstnarisk leiar og design
  • Rhonda Burns – Grafikk på CD-plata
  • Nick DiDia – ekstra lydteknikar
  • Henry Diltz – bakside på omslaget og fotografi inne i omslaget
  • Brett Eliason – lydteknikar
  • Emek – logo
  • Joe Gastwirt – Overføring frå analog til HDCD, digital redigering, digital mastering
  • John Hausman – produksjonsassistent
  • KPOB – kunstnarisk leiar og designassistent
  • Tim Mulligan – digital redigering, digital mastering
  • John Nowland – Overføring frå analog til HDCD
  • Brendan O'Brien – produsent, miksing, elektrisk gitar, piano, korvokal
  • Jeff Ousley, Tim «Scully» Quinlan – gitarteknikar
  • «Pflash» Pflaumer – assistent
  • Sal Trentino – forsterkarteknikar
  • Ian Geiger - gitarteknikar
  • George Webb – bassteknikar
  • Keith Wissmar – ambience

SalslisterEndra

AlbumEndra

Liste (1995) Plassering
Norske VG-lista[17] 2
Den svenske albumlista[18] 3
Den australske albumlista[19] 4
UK Albums Chart[20] 4
US Billboard 200 5
Den kanadiske albumlista[21] 4
Den tyske albumlista[22] 8
Den newzealandske albumlista[23] 10
Den austerrikske albumlista[24] 15
Den nederlandske albumlista[25] 18
Den sveitsiske albumlista[26] 24

ÅrslisterEndra

Liste (1995) Plassering
Den tyske albumlista[27] 48

SinglarEndra

År Singel Plassering
US Main
[28]
CAN
[29]
1995 «Downtown» 6 13
«Peace and Love» 34
«—» denotes songs that did not chart.

KjelderEndra

  1. Ruhlmann, William. «allmusic ((( Mirror Ball > Review )))». Allmusic. Henta 6. mars 2019. 
  2. «Neil Young: Mirror Ball» Arkivert 2010-11-11 ved Wayback Machine.. Blender. Henta on 6. mars 2019.
  3. Christgau, Robert. «Neil Young». robertchristgau.com. Henta den 6. mars 2019.
  4. Browne, David (30. juni 1995). «Young and the Restless». Entertainment Weekly. Henta 6. mars 2019. 
  5. (24. juni 1995). «Review: Mirror Ball». NME (s. 56).
  6. Consideine, J.D. (2. februar 1998). «Neil Young: Mirror Ball». Rolling Stone. Henta 6. mars 2019. 
  7. (September 1995). «Review: Mirror Ball». Spin (s. 109).
  8. «Music . . . Mirror Ball» (Mirror Ball review). Time. 23. juni 1995. Henta den 6. mars 2019.
  9. 9,0 9,1 Strauss, Neil. "The Predictably Unpredictable Neil Young". The New York Times. juli 2, 1995. Henta 31. oktober 2010
  10. (1995) Mirror Ball av Neil Young, [CD booklet]. New York: Reprise Records.
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 11,4 11,5 11,6 Kent, Nick. "Neil Young Interview: Part #2". MOJO Magazine. desember 1995.
  12. 12,0 12,1 12,2 Weisbard, Eric, et al. "Ten Past Ten". Spin. august 2001.
  13. Hiatt, Brian (16. juni 2006). «The Second Coming of Pearl Jam». Rolling Stone. Henta 31. oktober 2010. 
  14. «Gold og Platinum Database Search». Henta 31. oktober 2010. 
  15. "1995 Concert Chronology". fivehorizons.com.
  16. Quinn, Bryan. "Q+A session with Pearl Jam". Daily Record. 9. mars 2009.
  17. «Norwegian Single/Album Chart / Neil Young / Longplay». norwegiancharts.com. Henta 6. mars 2019. 
  18. «Swedish Single/Album Chart / Neil Young / Longplay». swedishcharts.com. Henta 6. mars 2019. 
  19. «Australian-Charts.com». australian-charts.com. Henta 6. mars 2019. 
  20. «EveryHit.com». Henta 6. mars 2019. 
  21. «HITS OF THE WORLD». Billboard. Henta 6. mars 2019. 
  22. «Chartverfolgung / Young, Neil / Longplay». musicline.de. Henta 19. juli 2007. 
  23. «NEIL YOUNG — MIRROR BALL (ALBUM)». New Zealand-charts.com. Henta 17. juli 2007. 
  24. «Austrian Single/Album Chart / Neil Young / Longplay». austriancharts.at. Henta 6. mars 2019. 
  25. «Dutch Single/Album Chart / Neil Young / Longplay». dutchcharts.nl. Henta 6. mars 2019. 
  26. «Schweizer Hitparade». hitparade.ch. Henta 6. mars 2019. 
  27. «Top 100 Album-Jahrescharts» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 13. august 2018. 
  28. «Neil Young – Billboard Singles». Allmusic. Henta 6. mars 2019. 
  29. «Canadian Charts - «Downtown»». RPM. Henta 6. mars 2019. 

BakgrunnsstoffEndra