Albumet Love You till Tuesday

Love You till Tuesday
Filmmusikkalbum av David Bowie
Språk engelsk
Utgjeve mai 1984
Innspelt 1966-1969
Sjanger Barokk pop, varieté, folkrock
Selskap
David Bowie-kronologi 
Fame and Fashion
(1984)
Love You till Tuesday Tonight
(1984)
Filmmusikkalbum av David Bowie-kronologi
Christiane F.
(1981)
Love You till Tuesday Labyrinth
(1986)


Love You till Tuesday er eit samlealbum av David Bowie, gjeve ut i samband med videoutgjevinga av promofilmen til Bowie frå 1969, Love You till Tuesday.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]
The Encyclopedia of Popular Music2/5 stars[2]

Deram, som var selskapet til Bowie frå 1966 til midten av 1969, gav ut filmmusikken til filmen. Fordi det kom ut medan Bowie var på sitt mest populære, vart dette albumet ofte forveksla med debutalbumet hans. Det inneheld nokre av dei same songane som albumet frå 1967, men dei fleste av dei vart miksa på nytt i 1984. Det var den første gongen originalversjonen av «Space Oddity», «Ching-a-Ling» og «When I'm Five» kom ut offisielt, og han inneheldt òg versjonar av «Sell Me a Coat» og «When I Live My Dream» som ikkje var gjevne ut før.[3]

I 1992 gav Pickwick Records ut samlinga på CD, og la til lengre versjonar av «Space Oddity» (4'35") og «Ching-a-Ling». Vinylutgåva inneheldt dei kortare «filmversjonane» av «Space Oddity». Pickwick erstatta singelversjonane av «Love You till Tuesday» og «Rubber Band» og den alternative versjonen av «When I Live My Dream» med dei som finst på debutplata til Bowie. Dei endra òg plateomslaget.[3]

Innhald endre

Nr.TittelLengd
1.«Love You till Tuesday» (singelversjon)2:40 (3'09 på CD)
2.«The London Boys»3:18
3.«Ching-a-Ling»2:02
4.«The Laughing Gnome»3:03
5.«Liza Jane»2:14
6.«When I'm Five»2:07
7.«Space Oddity»3:45 (4'35 på CD)
8.«Sell Me a Coat»2:53
9.«Rubber Band» (singelversjon)2:05 (2'17 på CD)
10.«Let Me Sleep Beside You»3:25
11.«When I Live My Dream»3:55 (3'22 på CD)

Salslister endre

I Storbritannia nådde Love You till Tuesday 53. plassen på UK Albums Chart i 1984.[4]

Kjelder endre

  1. Thompson, Dave. Review: David Bowie (Love You Till Tuesday) . Allmusic. Henta 4. september 2021.
  2. Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. 
  3. 3,0 3,1 Pegg 2011, s. 447.
  4. «David Bowie». Official Charts Company. Henta 4. september 2021.