Tonight av David Bowie

Tonight
Studioalbum av David Bowie
Utgjeve 24. september 198
Innspelt Mai og juni 1984
Studio Le Studio (Morin-Heights i Canada)
Sjanger
Lengd 35:47
Selskap EMI America
Produsent
David Bowie-kronologi
Love You till Tuesday
(1984)
Tonight Labyrinth
(1986)


Singlar frå Tonight
  1. «Blue Jean»
    Utgjeve: September 1984
  2. «Tonight»
    Utgjeve: November 1984
  3. «Loving the Alien»
    Utgjeve: Mai 1985

Tonight er det 16. studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie, utgjeve 24. september 1984 på EMI America Records. Det var oppfølgjaren til den største salssuksessen hans, Let's Dance (1983), og vart skriven og spelt inn i midten av 1984 i Le Studio i Morin-Heights i Canada, etter at Serious Moonlight-turneen var over. Musikken på Tonight er blitt skildra som pop, blue-eyed soul, dance og rock. Mykje av stilen på albumet er den same som på føregangaren, fordi Bowie prøvde å halde på det nye publikummet han nyleg hadde fått, sjølv om somme songar var inspirert av R&B og reggae.

Bowie, Derek Bramble og Hugh Padgham produserte albumet. Mykje av den kreative prosessen til Bowie var den same som han hadde brukt på Let's Dance. Mange av dei same musikarane frå Let's Dance og Serious Moonlight-turneen spelte på Tonight, med nokre få tillegg. Som føregangaren spelte ikkje Bowie sjølv nokre instrument på Tonight, og kom i staden med hint til musikarane under innspelinga. Bowie hadde få nye idear etter turneen og skreiv berre to nye songar sjølv. Tre songar, inkludert tittelsporet, var tidlegare Iggy Pop-songar. Han var til stades på det meste av innspelinga og var medlåtskrivar på fleire spor. Tina Turner syng på tittelsporet.

Med hjelp frå singlane «Blue Jean», tittelsporet og «Loving the Alien», vart Tonight ein salssuksess og gjekk til topps på UK Albums Chart. Men det fekk stort sett dårleg kritikk frå kritikarane, og dei fleste merka seg mangelen på kreativitet. Etter at det enste albumetNever Let Me Down (1987), òg vart slakta i musikkpressa, fortalte Bowie seinare at han var misnøgd med denne perioden, og meinte at Tonight ikkje var blant det beste han hadde gjort. Bowie turnerte ikkje for å marknadsføre albumet og spelte berre «Loving the Alien» og «Blue Jean» på seinare turnear. Biografane til Bowie og kritikarane reknar generelt Tonight som eit av dei svakaste albuma hans. Albumet vart ommastra i 2018 som ein del av plateboksen Loving the Alien (1983–1988).

Bakgrunn og utviklingEndra

David Bowie gav ut det 15. studioalbumet sitt, Let's Dance i april 1983.[1] Det var ein stor kommersiell suksess, og gjorde Bowie til verdsomfattande superstjerne.[2] Han marknadsførte albumet med Serious Moonlight-turneen frå mai til desember 1983.[3] Sjølv om turneen vart ein stor suksess, har Bowie sidan sagt at han hadde blanda kjensler for turneen, og forstod at han ikkje lenger kjende publikummet sitt.[4] På grunn av stress under Serious Moonlight-turneen, kjende ikkje Bowie seg lenger kreativ. Han sa seinare at han turnering alltid gjorde han blotta for nye idear.[5] Då turneen var over drog Bowie på ferie til Bali og Java med venen sin, songaren Iggy Pop. Biografen Nicholas Pegg skreiv at fram til suksessen Bowie fekk med «China Girl», hadde formuen til Pop gradvis minka sidan 1979 og han var tvungen til å turnere heile tida.[6] Etter ferien i lag var Bowie lysten på å arbeide med Pop på det neste albumet sitt.[7] Sjølv om Bowie ikkje kjende seg klar for å spele inn eit nytt album, førte press frå plateselskapet hans til at han drog i studio våren 1984 uførebudd.[5]

Etter utgjevinga av Let's Dance, sa Bowie at han ønskte at den neste plata hans «gjekk lenger». Han ønskte å utforske R&B, funk og reggae.[8] Bowie inviterte ikkje med seg Nile Rodgers, som var medprodusent på Let's Dance, til å arbeide på den nye plata. Sjølv om Rodgers først var overraska, sa Rodgers seinare at Bowie ønskte å bevise at han kunne skape hittar sjølv, utan ein «kjend hit-skapar».[9][10] Bowie valte i staden Derek Bramble, ein tidlegare bassist i bandet Heatwave og kort tid før produsent for David Grant frå bandet Linx i staden for.[9] «Eg hadde inga aning, han berre leita etter meg,» sa Bramble seinare.[8] Som han hadde gjort med Rodgers Let's Dance, tok Bowie med seg Bramble til Mountain Studios i Montreux i Sveits, for å spele inn demoar av dei nye songane. Med vekt på reggae var ei gruppe lokale sveitsiske musikarar med på innspelinga av demoane. I følgje biografen Chris O'Leary sa musikarane som var med på innspelinga av demoane til Tonight at dei var «utrulege», og skildra dei som «funky, rå og full av lovnad».[8]

Lydteknikaren på Let's Dance, Bob Clearmountain, vart spurt om å bidra, men kunne ikkje og føreslo Hugh Padgham, som hadde arbeidd med XTC, Genesis, Peter Gabriel, og meir nyleg The Police som produsent.[11] Padgham sa seinare at han hadde blanda kjensler om å arbeide utelukkande som lydteknikar, men aksepterte at Bowie ønskte å arbeide slik. Padgham føreslo Le Studio i Morin-Heights i Canada,[12] der han nyleg hadde vore med The Police.[11][13]

Låtskriving og innspelingEndra

Det vart hastverk. Prosessen var ikkje forhasta. Me tok oss faktisk tid til å spele inn greia. Let's Dance vart fullført på tre veker, Tonight tok fem veker eller noko sånt, som for meg er lang tid. Eg likar å arbeide raskt i studio. Det var ikkje mykje låtskriving på det fordi eg kan ikkje skrive når eg er på turné og eg hadde ikkje sett noko saman som eg kunne gje ut. Men eg tenkte på det som ein slags ofseleg forsøk på å lage eit slags Pin Ups.[14]

– Bowie om innspelingsprosessen for Tonight

Innspelinga for det nye albumet byrja offisielt i Le Studio i mai 1984, mindre enn fem månader etter Serious Moonlight-turneen.[11] Bowie kom til innspelinga med åtte av dei ni songane som kom til å kome ut på albumet. Dette overraska samarbeidspartnaren Carlos Alomar, som sa «det var første gongen på dei elleve åra at eg har vore med han fyren at han faktisk hadde med seg noko».[15] Alomar, og dei fleste musikarane frå Let's Dance og turneen, var med på plata, i tillegg til nykomarane Mark Pender, Curtis King og Guy St Onge. Pegg skreiv at bidraga til Onge på marimba gav albumet «sin mest markante, instrumentale identitet». Saksofonseksjonen vart kalla «The Borneo Horns», slik dei var blitt på den føregåande turneen.[13] Som Let's Dance, men i motsetnad til alle tidlegare Bowie-album, spelte ikkje Bowie sjølv eit einaste instrument på albumet, og han delegerte nesten alt ansvaret for musikken spelt av musikarane sine, og kom sjølv berre stundom med kommentarar til det dei gjorde.[15] Han sa på den tida: «Eg let stort sett alle får gjere som dei ønskte. Eg kom berre inn med songane og ideane og korleis dei skulle spelast, før eg såg på når dei sette alt saman. Det var flott!!»[13]

 
Iggy Pop (avbilda i 1987) var til stades under innspelingane og samarbeidde med Bowie på fleire spor.

Iggy Pop var mykje i studio under innspelingane og sa «eg arbeidde mykje på det albumet. Det er langt meir arbeid der enn berre medlåtskrivar på to songar og somme av dei gamle greiene.»[15] Bowie sa om samarbeidet: «Me arbeidde ganske likt slike me gjorde på Lust for Life og The Idiot. Eg gav han ofte eit par ankerpunkt som han kunne leike med og han tok dei med seg og byrja å assosiere fritt, før eg tok det og sette det saman på ein måte som eg kunne syngje.»[13] Samarbeide deira resulterte i «Tumble and Twirl» og «Dancing with the Big Boys»,[7] som vart skriven og spelt inn på åtte timar medan dei egga kvarandre opp. I det som vart skildra som «eit spanande rush», drog Bowie og Pop «i studio med eit par flasker øl og skreik bokstaveleg talt ut alt dei kom på,» sa Padgham. «Og eg berre spelte inn alt saman.»[15] I følgje Padgham skreiv dei to mange songar som ikkje kom med på albumet. Han skildra desse songane som «meir til venstre» og «mindre popaktige».[7]

Tina Turner syng gjestevokal på albumet i ein duett med Bowie på tittelsporet.[16] Unnder innspelinga song Bowie og Turner andlet mot andlet, sjølv om Bowie sidan gjekk attende og spelte inn att det første verset sitt då han fann ut at han ønskte å syngje det i ein høgare oktav.[15] Turner hadde nettopp gjeve ut det særs suksessrike comeback-albumet sitt, Private Dancer, tidlegare på året, der ho hadde spelt inn ein versjon av Bowie-songen «1984». Seinare i 2004, sa Turner at Bowie redda karrieren hennar då ho sleit med vald i heimen. I 1983 klarte Bowie å få Turner signert ein ny kontrakt med Capitol Records, som førte til comebacket hennar.[13]

Innspelinga var problematisk. Padgham sa seinare til biografen David Buckley at Bramble hadde for vane å be om «unødvendige ekstraopptak ». Etter eit vokalopptak, føreslo Bramble eit nytt opptak, medan han og Bowie insisterte på at eitt var nok. Padgham trur at Bramble ikkje var «vant til at nokon kunne syngje inn vokalen på berre eitt forsøk». Alomar sa seinare: «Bramble var ein verkeleg fin fyr, men han visste ingenting om produsering.»[17] Padgham sa seinare i ein dokumentar på BBC Radio 2 at det var ein «krangel» med Bramble mot sluten av innspelinga, som førte til at han drog og Padgham tok over som produsent.[18] Padgham hata mange av songane, særskild «Blue Jean» og tittelsporet, som han meinte var «for popaktige», og føretrekte dei «meir søkte» komposisjonane som ikkje kom med på albumet.[19] Han sa seinare at han angra på at han «ikkje hadde ballar» til å fullføre dei andre songane og sa til Buckley: «Kven er eg som kan sei til Mr. David Bowie om at songane hans sug?»[20]

SongarEndra

Kommentatorar har skildra Tonight som pop,[21][22] blue-eyed soul, dansemusikk[23] og rock.[24] Stilen på plata er samanlikna med Let's Dance og Serious Moonlight-turneen. Bowie gjorde dette med vilje fordi han meinte at den nye fansen han nyleg hadde fått, venta å høyre det same på det nye albumet som dei hadde høyrt før.[15] Av ni songar på albumet var Bowie den einaste låtskrivaren på berre to songar, «Loving the Alien» og «Blue Jean». To av dei, «Tumble and Twirl» og «Dancing with the Big Boys», var skrivne i lag med Iggy Pop, og dei andre fem songane er coverversjonar, tre opphavleg av Pop: «Don't Look Down», «Tonight» og «Neighborhood Threat».[13][20] Ein coversong var The Beach Boys-songen «God Only Knows» frå 1966, som i følgje Pegg stod på lista til Bowie for albumet Pin Ups i 1973. Bowie sa «eg trur [Tonight] gav meg ein sjanse, som Pin Ups gjorde nokre år sidan, å spele inn nokre coversongar eg alltid hadde hatt lyst til å gjere.»[13] Den siste coversongen er Jerry Leiber og Mike Stoller-sin «I Keep Forgettin'», opphavleg gjort kjend av Chuck Jackson.[20][25]

Side einEndra

Bowie skildra «Loving the Alien» som særs personleg og følte at han ikkje passa inn med resten av albumet fordi han var så mørk innimellom dei lettare songane. Han sa, «'Alien' kom til fordi eg kjenner at så mykje historie er feil - som ein ser igjen og igjen – og at me baserer så mykje på feil kunnskap.»[26] Alomar meinte songen «hadde å gjere med Major Tom», noko Bowie har avvist. Teksten er religionsbasert og politisk ladd.[27] Pegg meinte det var ein flott song, men syns han var tynga ned av «overdriven produksjon». Bowie sa seinare at demoen var langt betre.[28] Bowie si omarbeiding av «Don't Look Down» er inspirert av reggae. Han hadde prøvd å gjere songen på ulikt vis, som jazzrock, marsj og ska, men følte ikkje at nokre av dei fungerte.[29] O'Leary kritiserte versjonen til Bowie og meinte han tar bort all «krafta» i originalversjonen til Pop.[30] Buckley syns på den andre sida at versjonen var «superkul».[20]

 
Tina Turner (avbilda i 1985) er gjestsongar på tittelsporet.

Bowie si utgåve av «God Only Knows» omfattar strykarar og saksofon, medan han song vokalen som ein smørsongar. Sjølv om Bowie var defensiv om innspelinga i eit intervju med Charles Shaar Murray i 1984, både Pegg og O'Leary rekna Bowie si utgåve som «den verste innspelinga han nokon gong gjorde».[31][32] Buckley kallar han ein av to «nadir» på plata og ei «badetisk tolking».[20] For tittelsporet fjerna Bowie den talte introduksjonen til Pop og kalla det ei «særeigen greie for Pop som ikkje verka å vere ein del av mitt vokabular.»[26] Bowie si utgåve, sungen i duett med Tina Turner, er reggae-inspirert. Vokalen hennar er plassert lågt i miksen, som O'Leary meiner «ikkje gjev ho eit inngangspunkt».[16] Trass i at versjonen har fått mykje kritikk, likte Kurt Loder i Rolling Stone versjonen til Bowie då han kom ut, og kalla det «ein av dei vakraste spora han nokon gong har spelt inn».[33]

Side toEndra

«Neighborhood Threat» har ein tyngre gitarlyd enn originalen til Pop, sjølv om Pegg meiner Bowie sin versjon manglar «den undergrunnsprega perkusjonen og lydvegg-atmosfæren» originalen hadde.[34] Han står ut som eit spor Bowie ønskte han ikkje hadde gjort, og han kalla det sjølv seinare «katastrofalt». «Det er ein eg ønskte eg hadde lete liggje, eller i det minste gjort på anna vis. Han vart heilt feil. Han høyrdest så tett og komprimert ut, og det var så kjekt å spele han. Det var feil band å gjere songen med - eit flott band, men det var ikkje heilt rett for den songen.»[14] «Blue Jean» har generelt blitt rekna som den beste songen på albumet.[20][35][36] O'Leary skreiv at han følgjer «Let's Dance-formelen», og at han var eit «livleg tilbakeblikk» til 1950- og 1960-åra, særskild artistar som Eddie Cochran.[37] Bowie kalla det seinare «sexistisk rock 'n' roll», medan Buckley kalla det ein «fin popsong», men «ganske ordinær etter Bowie sin standard».[20]

«Tumble and Twirl» fortel om hendingar Bowie og Pop opplevde på ferie på dei indonesiske øyane Bali og Java etter at den førre turneen til Bowie var over.[26][15] Bowie meinte at teksten til Pop var det som stod mest fram på songen. Pegg meinte at musikken kan minne om verdsmusikk, som Bowie hadde utforska på Lodger (1979).[38] Biografane har kritisert Bowie si utgåve av «I Keep Forgettin'»;[39][40] Buckley kalla han «lite minneverdig».[20] På den tida sa Bowie «eg har alltid ønska å spele den songen.»[40] «Dancing with the Big Boys» handlar om den «vesle mannen» som vert knust av «undertrykkande selskap». Teksten var henta frå eit arkiv av unytta tekstar.[15] Innspelinga inneheld mange studioeffektar,[41] som Pegg meinte peiker fram mot det Bowie utforska på Never Let Me Down (1987). Bowie har sagt at det er det «beste dømet» på det han prøvde å oppnå på Tonight:[42] «Det er ein særskild stil eg leite etter som eg ikkje heilt har funne enno. Eg skal anten klare det på det neste albumet eller gje meg på det. Eg trur eg kom ganske nær på «Dancing with the Big Boys.» ... eg har blitt ganske musikalsk dei siste par åra – og prøvde skrive musikalsk og utvikle måten folk skreiv på i femtiåra. Eg prøvde å halde meg unna eksperimentering. No syns eg at eg burde ha vore meir eventyrlysten. Og på «Big Boys», braut Iggy og meg bort frå alt det på eitt spor og kom nærare den stilen eg leita etter enn noko anna.»[26]

Plateomslag og utgjevingEndra

Mike Haggerty, som designa plateomslaget til Let's Dance (og gjorde det same for Never Let Me Down), designa plateomslaget.[43] Det syner ein Bowie med blåmåla andlet og håret farga mørkebrunt, mot ein bakgrunn av oljemåla «klattar» og blomar. Pegg og Buckley samanlikna det med arbeidet til Gilbert & George.[18][44] For designet spurte Bowie Haggarty om å skape «noko heroisk», og peikte på eit Vladimir Tretchikoff-måleri av ei blåmåla kinesisk kvinne.[43] Sjølv om Consequence of Sound rekna plateomslaget som eit av dei «mest genuint vakre» plateomslaga,[43] skreiv Buckley at for første gongen var ikkje eit plateomslag av Bowie nyskapande, og kalla det «satirisk ordinært». Paul Du Noyer sa seinare: «Om du ser på plateomslaga og måten han er kledd på, ser du ein mann som har lete seg sjølv bli designa av andre i staden for å finne seg sjølv opp på ny, som var det han alltid gjorde.»[45]

«Blue Jean» kom ut som den første singelen frå albumet tidleg i september 1984[46][37] med albumsporet «Dancing with the Big Boys» som B-sida.[47] Han selde godt og nådde sjetteplassen i Storbritannia og åttandeplassen i USA,[46] marknadsført av ein 21 minuttar lang kortfilm regissert av Julien Temple. Videoen var dels inspirert av videoen for Michael Jackson-songen «Thriller». Han fekk tittelen Jazzin' for Blue Jean og vart filma i august 1984 med Bowie i fleire roller: som Vic, ein mann med auga for ei jente, og som Screaming' Lord Byron, ei prangande rockestjerne som skal halde ein konsert som gjev mannen høve for eit stemnemøte. Bowie framførte «Blue Jean» som Byron mot slutten av filen. Ein kortare musikkvideo for «Blue Jean» vart filma eit par dagar seinare. Pegg likte videoen for at han viste det komiske talentet til Bowie og Jazzin' for Blue Jean førte Bowie og Tempel saman for Absolute Beginners (1986).[48]

EMI America Records gav ut Tonight den 24. september 1984[49][50] med katalognummeret EMI America DB 1.[9] Albumet kom ut bere ni månader etter Serious Moonlight-turneen.[51] Etter suksessen til Let's Dance, turneen og rolla til Bowie i filmen Merry Christmas, Mr. Lawrence, fortsette Tonight den store salssuksessen til Bowie og det gjekk til topps på UK Albums Chart.[18][52] Sjølv om det ikkje var like stor suksess i USA som føregangaren, nådde Tonight 11. plassen på Billboard 200.[18]

Tittelsporet var den andre singelen frå albumet i november 1984 med albumsporet «Tumble and Twirl» som B-side.[47] Utan musikkvideo nådde ikkje singelen høgare enn 53. plassen både i Storbritannia og i USA.[53][47] Ein ny miks av «Loving the Alien» kom ut som den tredje og siste singelen i mai 1985 med ein remiks av «Don't Look Down» som B-side.[47] Denne nådde 19. plassen på lista i Storbritannia, trass i ein musikkvideo dels regissert av David Mallet. Han syner Bowie som framfører songen på ei Escher-aktig kulisse, og er på eit punkt blå i andletet, slik han er på plateomslaget.[54]

Bowie turnerte ikkje etter Tonight, sjølv om songar frå albumet vart framført på seinare turnear. «Loving the Alien» vart framført på Glass Spider-turneen i 1987 og Reality-turneen i 2003-2004.[54] «Blue Jean» vart framført under Glass Spider-turneen, Sound+Vision-turneen i 1990 og Reality-turneen.[46] Bowie framførte òg «Dancing with the Big Boys» på Glass Spider-turneen, og hadde planar om å framføre «Don't Look Down» på denne turneen òg, men denne kom aldri lenger enn til øvingsstadiet.[55]

MottakingEndra

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [23]
Christgau's Record GuideC[56]
Encyclopedia of Popular Music     [57]
MusicHound Rock1/5[58]
Pitchfork4.3/10[59]
The Rolling Stone Album Guide     [60]

Då albumet kom ut fekk det nokre positive meldingar.[61] NME likte «den svimlande variasjonen i stemning og teknikk» på plata,[62] medan Billboard skreiv at «den gamle og framtidige Bowie tar nok ei vending, og sparar den kvasse, lidenskaplege dance-rocken til den andre sida, medan han kastar rampelyset på overraskande beherska balladar og rockesongar i moderat tempo, fylte med draumande rytmar og til og med svulstige strykarar av Arif Mardin».[18] Men andre meldarar kritiserte det for mangelen på kreativitet.[26] Rolling Stone sa «Dette albumet er bortkasta, og David Bowie veit det.»[18] Padgham, som var medprodusent på albumet sa òg at det var mindre nyskapande enn andre Bowie album.[15]

I seinare tid er Tonight generelt rekna som ei av dei svakaste platene til Bowie. Ein artikkel for Melody Maker avskreiv Tonight som «roten».[63] AllMusic-kritikaren Stephen Thomas Erlewine kalla det «ei av dei svakaste platene Bowie nokon gong spelte inn» og skreiv at «ingen av songane når opp til songane på Let's Dance», sjølv om han gjorde eit unntak for «Blue Jean».[23] The New Rolling Stone Album Guide skildra Tonight som «ein dyr kjappis polstra med teite coversongar».[64] Alexis Petridis i The Guardian skreiv i 2016: «Let’s Dance hadde sine augneblink ... Tonight hadde derimot ingen».[65] Jeff Giles i Ultimate Classic Rock skreiv om Tonight og Never Let Me Down og sa «[Tonight] var behageleg nok på sitt eige vis, men mangla den kreative gnisten som dreiv fram dei beste platene hans - og det er langt i frå essensielt.»[66]

Stylus Magazine melde albumet i 2005 som ein del av spalta «On Second Thought» og avslutta med at sjølv om Tonight ikkje var eit stort album, var det likevel bra: «det er mykje betre enn du skulle tru, eller du kan ha blitt ført til å tru. Bowie har laga nokre skuffande plater, men dette er ikkje ei av dei - og for å vere heilt ærleg, er ikkje ein gong feilskjera hans keisame, fordi, vel det er eit 80-tals Bowie-album, frå eit tiår han var særs inkonsekvent, men heller keisam.»[67] I 2016 forsvarte Yo Zushi i New Statesman albumet og skreiv «ingen album som byrjar med eit sju minuttar langt meisterverk som 'Loving the Alien' og inneheld ein rockelåt som 'Blue Jean' burde ha fått julinga det har fått». Han hevda at «den fjernsynsspesial-aktige coverversjonen av Beach Boys-songen 'God Only Knows' er like rørande, i sin kalde, nesten Brecht-aktige måte, som Station to Station sin 'Wild Is the Wind' – det er som å sjå Elvis i [Las] Vegas gjennom eit isdekke».[68] I ei melding av plateboksen Loving the Alien (1983–1988) meinte Chris Ingalls i PopMatters at plata var «brokete», men med «fine augneblink», og omtalte «Loving the Alien» og «Blue Jean», som «særs gode».[69]

EtterverknadEndra

[Tonight] hadde ikkje noko konsept bak seg, det var berre ei samling songar. Det høyrest litt raska saman ut, og held ikkje så godt saman i det heile tatt... men om du tar ein song ut av albumet og spelar han, så høyrest han ganske bra ut. Men om du spelar dei som eit album fungerer det ikkje, og det er uheldig.[18]

– Bowie om Tonight i 1987

Nesten like etter det kom ut gav Bowie få presseintervju om Tonight, og verka nesten unnskyldande.[70] I eit intervju sa han «Nyleg har eg brukt eit akseptert ordforråd, som [Brian] Eno ville sagt. Eg kjenner meg stort sett glad for sinnstilstanden min og det fysiske vesenet mitt, og eg reknar med at eg ønskte å sette mitt musikalske vesen i et liknande stabilt og sunt område, men eg er ikkje sikker på at det var veldig klokt å gjere det.»[18] Han sette i gang ei rekkje ulike prosjekt mot slutten av 1984 og inn i 1985, og starta med samarbeidet med Pat Metheny Group på «This Is Not America», for filmmusikkalbumet for The Falcon and the Snowman (1985).[70][45] Han spelte så Live Aid, samarbeidde med Mick Jagger på «Dancing in the Street» og komponerte songar for filmane Absolute Beginners (1985) og Labyrinth (1986), som Bowie òg hadde roller i.[71]

I tillegg til å anerkjenne at Tonight ikkje var av dei sterkaste platene hans,[72] distanserte Bowie seg seinare frå perioden 1984-1987 etter at kritikarane slakta Never Let Me Down.[18] I 1989, medan han arbeidde med Tin Machine, skildra han både Tonight og Never Let Me Down som «bra materiale som vart kokt ned til produktnivå. Eg burde ikkje ha gjort det så studio-aktig. Eg trur det var å kaste bort nokre verkeleg bra songar. Du skulle høyrt demoane frå dei to albuma. Det er natt og dag i samanlikning med det som kom ut. Det er stoff det eg verkeleg irriterer meg over. Når eg høyrer på demoane tenkjer eg 'Korleis var det slik som det?' Du skulle høyrt 'Loving the Alien' på demo. Det er in vedunderleg demo. Eg lover deg!! (ler). Men på albumet er han ikkje så vedunderleg.»[73] I 1993 sa han at han var likegyldig til kva han gjorde og at han «let alle fortelje meg kva eg skulle gjere».[18]

Som Bowie har biografane hans generelt sett på Tonight særs negativt. Medan Christopher Sandford kalla det eit av dei dårlegaste Bowie-albuma og «hans første alvorlege studiobommert sidan tida kring 'The Laughing Gnome',»[74] såg O'Leary på det i full forakt: «ein ulasteleg harsk skraphaug der hitsingelen vart putta ned mellom ein haug med coverversjonar». han rekna det «blant dei minst likte nummer-ein-platene i si tid».[8] Buckley kalla Tonight «det næraste Bowie kom ein kunstnarisk katastrofe,»[75] medan Paul Trynka skreiv at med Tonight hadde Bowie si kjensle for «risiko» og tilfeldigheit «ebba ut».[76] Pegg meinte at trass i feila, er Tonight ei «meir interessant og gjevande» plate enn føregangaren. Han rekna reggae-utgåva til Bowie av «Don't Look Down» og tittelsporet «overraskande bra», og dei to songane Bowie skreiv som sterk låtskriving. Han avslutta med at det var det første Bowie-albumet som «openberra seg etter si tid».[77] I boka si The Man Who Sold the World: David Bowie and the 1970s, skildra Peter Doggett Tonight som «utan inspirasjon», sjølv om han likte «Loving the Alien».[78]

InnhaldEndra

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Opphavleg avLengd
1.«Loving the Alien»David Bowie 7:11
2.«Don't Look Down»Iggy Pop, frå New Values, 19794:11
3.«God Only Knows»The Beach Boys, frå Pet Sounds, 19663:08
4.«Tonight» (with Tina Turner)
  • Bowie
  • Pop
Iggy Pop, frå Lust for Life, 19773:46
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Opphavleg avLengd
1.«Neighborhood Threat»Iggy Pop, frå Lust for Life, 19773:12
2.«Blue Jean»Bowie 3:11
3.«Tumble and Twirl»
  • Bowie
  • Pop
 5:00
4.«I Keep Forgettin'»Chuck Jackson, frå Any Day Now, 19622:34
5.«Dancing with the Big Boys» (med Iggy Pop) 3:34
Total lengd:35:47

NyutgjevingarEndra

I 1995 gav Virgin Records ut albumet på CD med tre bonusspor. Alle av dei var singlar frå filmar Bowie hadde medverka til i åra like etter albumet kom ut.[79] EMI gav ut albumet i 1999 med 24-bits digitalt ommastra lyd og ingen bonusspor.[80]

I 2018 vart Tonight ommastra for plateboksen Loving the Alien (1983–1988)Parlophone, med andre plater i boksen som inneheld remiksar og B-sider frå albumet.[81] Albumet kom ut på CD og vinyl som ein del av samling og som separat album året etter.[82]

CD: Virgin CDVUS97 (Storbritannia)
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Opphavleg fråLengd
10.«This Is Not America» (med Pat Metheny Group)The Falcon and the Snowman, 19853:51
11.«As The World Falls Down»BowieLabyrinth, 19864:46
12.«Absolute Beginners»BowieAbsolute Beginners, 19868:00

MedverkandeEndra

Henta frå platenotata til Tonight.[83]

The Borneo Horns

Produksjon

Salslister og salstroféEndra

VekeslisterEndra

1984-lister for Tonight
Liste (1984) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[84] 4
Austerrikske album (Ö3 Austria)[85] 8
Kanadiske album (RPM)[86] 4
Nederlandske album (MegaCharts)[87] 1
Den japanske albumlista (Oricon)[88] 3
Newzealandske album (RIANZ)[89] 4
Norske album (VG-lista)[90] 3
Spanske album (PROMUSICAE)[91] 3
Svenske album (Sverigetopplistan)[92] 4
Sveitisiske album (Hitparade)[93] 8
Britiske album (OCC)[94] 1
US Billboard 200[95] 11
Vesttyske album (GfK Entertainment)[96] 8

ÅrslisterEndra

1984-årslister for Tonight
Liste (1984) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[84] 58
Kanadiske album (RPM Year-End)[97] 29

SalstroféEndra

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[98] 2× Platina 200 000^
Frankrike (SNEP)[99] Gull  
Japan (Oricon Charts) 153,000[88]
New Zealand (RMNZ)[100] Gull 7 500^
Spania(PROMUSICAE)[101] Gull 50 000^
Storbritannia (BPI)[102] Gull 100 000^
USA (RIAA)[103] Platina 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

KjelderEndra

  1. O'Leary 2019, s. 191.
  2. Pegg 2016, s. 402–403.
  3. Pegg 2016, s. 576–577.
  4. Pegg 2016, s. 582.
  5. 5,0 5,1 Buckley 2005, s. 358.
  6. Pegg 2016, s. 405–406.
  7. 7,0 7,1 7,2 Buckley 2005, s. 361.
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 O'Leary 2019, s. 201–202.
  9. 9,0 9,1 9,2 Pegg 2016, s. 405.
  10. Buckley 2005, s. 358–359.
  11. 11,0 11,1 11,2 Buckley 2005, s. 359.
  12. Trynka 2011, s. 393.
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 13,5 13,6 Pegg 2016, s. 406.
  14. 14,0 14,1 Isler, Scott (August 1987). «David Bowie Opens Up – A Little». Musician (106): 60–73. 
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 15,4 15,5 15,6 15,7 15,8 Fricke, David (December 1984). «David Bowie Interview». Musician (74): 46–56. 
  16. 16,0 16,1 O'Leary 2019, s. 71–72.
  17. Buckley 2005, s. 360–361.
  18. 18,0 18,1 18,2 18,3 18,4 18,5 18,6 18,7 18,8 18,9 Pegg 2016, s. 407.
  19. Buckley 2005, s. 361–362.
  20. 20,0 20,1 20,2 20,3 20,4 20,5 20,6 20,7 Buckley 2005, s. 363.
  21. Erlewine, Stephen Thomas. «Never Let Me Down – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 24. april 2019. Henta 25. juni 2015. 
  22. Grow, Kory (21. september 2016). «Inside David Bowie’s 1984 Pop Detour 'Tonight'». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 29. oktober 2020. Henta 5. september 2021. 
  23. 23,0 23,1 23,2 Erlewine, Stephen Thomas. «Tonight – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 22. august 2021. Henta 5. september 2021. 
  24. Inskeep, Thomas (12. juli 2005). «On Second Thought: David Bowie – Tonight». Stylus Magazine. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 25. juni 2015. 
  25. O'Leary 2019, s. 207.
  26. 26,0 26,1 26,2 26,3 26,4 Murray, Charles Shaar (25. oktober 1984). «Let's Talk, A Conversation with David Bowie». Rolling Stone (433): 14, 18, 74. 
  27. O'Leary 2019, s. 208–209.
  28. Pegg 2016, s. 176.
  29. Pegg 2016, s. 79.
  30. O'Leary 2019, s. 205–206.
  31. Pegg 2016, s. 99–100.
  32. O'Leary 2019, s. 211–212.
  33. Pegg 2016, s. 286–287.
  34. Pegg 2016, s. 191.
  35. Pegg 2016, s. 45–46.
  36. Thompson, Dave. ««Blue Jean» – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 4. juli 2019. Henta 5. september 2021. 
  37. 37,0 37,1 O'Leary 2019, s. 206–207.
  38. Pegg 2016, s. 289.
  39. O'Leary 2019, s. 207–208.
  40. 40,0 40,1 Pegg 2016, s. 121.
  41. O'Leary 2019, s. 213–214.
  42. Pegg 2016, s. 71.
  43. 43,0 43,1 43,2 Blackard, Cap (8. januar 2018). «Ranking: Every David Bowie Album from Worst to Best». Consequence of Sound. Arkivert frå originalen 5. januar 2021. Henta 12. februar 2021. 
  44. Buckley 2005, s. 364–365.
  45. 45,0 45,1 Buckley 2005, s. 365.
  46. 46,0 46,1 46,2 Pegg 2016, s. 46.
  47. 47,0 47,1 47,2 47,3 O'Leary 2019, s. 670–680.
  48. Pegg 2016, s. 641–642.
  49. «Tonight album is 34 years old today». David Bowie Official Website. 24. september 2018. Arkivert frå originalen 25. september 2018. Henta 5. september 2021. 
  50. Pegg 2016, s. 748.
  51. Spitz 2009, s. 330.
  52. Buckley 2005, s. 364.
  53. Pegg 2016, s. 287.
  54. 54,0 54,1 Pegg 2016, s. 176–177.
  55. Isler, Scott (August 1987). «David Bowie Opens Up – A Little». Musician: 60–73. 
  56. Christgau, Robert (1990). «B». Christgau's Record Guide: The '80s. Pantheon Books. ISBN 0-679-73015-X. Arkivert frå originalen 10. juli 2020. Henta 17. august 2020 – via robertchristgau.com. 
  57. *Larkin, Colin (2011). «Bowie, David». The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). London: Omnibus Press. ISBN 978-0-85712-595-8. 
  58. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 151. ISBN 1-57859-061-2. 
  59. O'Leary, Chris (5. september 2021). «David Bowie: Loving the Alien». Pitchfork. Arkivert frå originalen 5. september 2021. Henta 5. september 2021. 
  60. «David Bowie: Album Guide». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 30. mai 2011. Henta 2. september 2021. 
  61. White, Timothy (December 1984). «Learning to love the Alien: Bowie haunts a calculated, kaleidoscopic seance». Musician: 98–99. 
  62. Murray, Charles Shaar (29. september 1984). «David Bowie: Sermon from the Savoy». NME. Henta 12. februar 2021 – via Rock's Backpages. 
  63. «Bowie: Boys Keep Swinging». Melody Maker: 24–26. 24. mars 1990. 
  64. Nathan Brackett; Christian Hoard, red. (2004). The New Rolling Stone Album Guide. Simon & Schuster Ltd. s. 99. ISBN 978-0743201698. 
  65. Petridis, Alexis (2. september 2021). «David Bowie: the man who thrilled the world». The Guardian (London). Arkivert frå originalen 2. januar 2018. Henta 5. september 2021. 
  66. Giles, Jeff (6. juni 2014). «Revisiting David Bowie's 'Tonight' and 'Never Let Me Down'». Ultimate Classic Rock. Arkivert frå originalen 13. januar 2021. Henta 5. september 2021. 
  67. «David Bowie – Tonight – On Second Thought – Stylus Magazine». www.stylusmagazine.com. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 29. mai 2015. 
  68. Zushi, Yo (18. januar 2016). «In defence of «bad» Bowie: why his least acclaimed album is my favourite». New Statesman. Arkivert frå originalen 7. august 2016. Henta 5. september 2021. 
  69. Ingalls, Chris (19. oktober 2018). «Stumbling Into Town Like a Sacred Cow: 'Loving the Alien' Chronicles David Bowie in the '80s». PopMatters. Arkivert frå originalen 5. september 2021. Henta 5. september 2021. 
  70. 70,0 70,1 O'Leary 2019, s. 214–215.
  71. Buckley 2005, s. 366–372.
  72. Cohen, Scott (September 1991). «David Bowie Interview». Details: 86–97. 
  73. «Boys Keep Swinging». Q. June 1989. Arkivert frå originalen 4. september 2021. Henta 24. mai 2017. 
  74. Sandford 1997, s. 229.
  75. Buckley 2005, s. 258.
  76. Trynka 2011, s. 395.
  77. Pegg 2016, s. 407–408.
  78. Doggett 2012, s. 392.
  79. Tonight (liner notes). David Bowie. UK & Europe: Virgin Records. 1995. 7243 8 40983 2 2. 
  80. Tonight (liner notes). David Bowie. US & Europe: EMI. 1999. 7243 521897 0 0. 
  81. «David Bowie Loving The Alien (1983–1988) due October». DavidBowie.com. 18. juli 2018. Arkivert frå originalen 19. juli 2018. Henta 5. september 2021. 
  82. «Loving The Alien break-outs due February». DavidBowie.com. 7. januar 2019. Arkivert frå originalen 13. september 2021. Henta 5. september 2021. 
  83. Tonight (CD booklet). David Bowie. EMI America Records. 1984. 
  84. 84,0 84,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  85. «David Bowie – Tonight – austriancharts.at» (på tysk). Arkivert frå originalen (ASP) 29. oktober 2013. Henta 4. september 2021. 
  86. «Top Albums/CDs – Volume 41, No. 10». RPM. 10. november 1984. Arkivert frå originalen (PHP) 24. februar 2014. Henta 4. september 2021. 
  87. «dutchcharts.nl David Bowie – Tonight». dutchcharts.nl. MegaCharts. Arkivert frå originalen (ASP) 18. oktober 2014. Henta 4. september 2021. 
  88. 88,0 88,1 Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  89. «charts.nz David Bowie – Tonight». Recording Industry Association of New Zealand. Arkivert frå originalen (ASP) 21. mai 2017. Henta 4. september 2021. 
  90. «norwegiancharts.com David Bowie – Tonight». Arkivert frå originalen (ASP) 17. oktober 2013. Henta 4. september 2021. 
  91. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  92. «swedishcharts.com David Bowie – Tonight». Sverigetopplistan. Arkivert frå originalen (ASP) 11. januar 2014. Henta 4. september 2021. 
  93. «David Bowie – Tonight – hitparade.ch». Arkivert frå originalen (ASP) 7. januar 2014. Henta 2. september 2021. 
  94. "David Bowie | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  95. "David Bowie Album & Song Chart History" Billboard 200 for David Bowie. Prometheus Global Media.
  96. «Album Search: David Bowie – Tonight» (på tysk). Media Control. Arkivert frå originalen (ASP) 6. april 2015. Henta 2. september 2021. 
  97. «RPM Top 100 Albums of 1984». RPM. Arkivert frå originalen 16. april 2015. Henta 12. mars 2012. 
  98. «Canadian album salstrofé – David Bowie – Tonight». Music Canada. 
  99. «French album salstrofé – Bowie D. – Tonight» (på fransk). InfoDisc.  Select BOWIE D. and click OK
  100. «New Zealand album salstrofé – David Bowie – Tonight». Recording Industry Association of New Zealand. 
  101. «Solo Exitos 1959–2002 Ano A Ano: Certificados 1979–1990». Solo Exitos 1959–2002 Ano A Ano. Arkivert frå originalen 28. september 2013. Henta 2. september 2021. 
  102. «British album salstrofé – David Bowie – Tonight». British Phonographic Industry.  Enter Tonight in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  103. «American album salstrofé – David Bowie – Tonight». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

BakgrunnsstoffEndra