Opna hovudmenyen

Aleksandr Averbukh[a] (fødd 1. oktober 1974) er ein russisk-israelsk tidlegare stavhoppar, fødd i Irkutsk i dåverande Sovjetunionen. Han vann gullmedaljen både under EM 2002 i München og EM 2006 i Göteborg. I tillegg har han vunne sølvmedalje under VM 2001 i Edmonton, samt ein bronsemedalje under VM 1999 i Sevilla. Averbukhs personlege rekord på 5,93 m vart sett i 2003. Han konkurrerte for Israel frå 1999, tidlegare for Russland.

Aleksandr Averbukh
Israel track and field championship 2011 Aleksandr Averbukh 01.JPG
Fødd 1. oktober 1974
Irkutsk
Yrke stavhopper, friidrettsutøvar
Aleksandr Averbukh på Commons

AktivEndra

Til liks med faren var Averbukh tikjempar, han presterte 8084 poeng i 1997. Under europameisterskapen innandørs i 1998 deltok han for Russland i mangekampen og vart nummer seks.

Han utvandra så til Israel og vart israelsk statsborgar 3. august 1999. Straks etter deltok han for landet i VM i friidrett 1999 i Sevilla, der han vann bronsemedaljen med 5,80 m. I 2000-sesongen vart han europameister i stavhopp innandørs, og nummer ti i same øvinga under sommarleikane i Sydney. Året etter vann han stavhopptevlinga i universiaden. Same sesongen tok han sølvmedaljen under friidretts-VM i Edmonton, bakom Dmitri Markov som representerte Australia. Både Markov og Averbukh var ferske utvandrarar frå Russland.

Averbukh nådde toppen då han vann gullmedaljen i stavhopp i EM 2002 i München. Han var då åleine om å ta seg over 5,85 m. I 2003 sette han med 5,93 meter personleg bestenotering, i 2014 framleis israelsk rekord. Under dei olympiske sommarleikane i Aten i 2004 enda han på åttandeplass.

Trass i at han stoppa på 5,70 m i EM-tevlinga 2006 i Göteborg lukkast han å forsvare EM-tittelen frå 2002. Under verdsmeisterskapen i Osaka i 2007 kom han derimot på sjuandeplass, endå om han då tok seg over 5,81 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

MerknadarEndra

  1. Hebraisk skrift אלכס אברבוך‎

KjelderEndra