Aleksandr Pogorelov
Aleksandr Gennadjevitsj Pogorelov (fødd 10. januar 1980) er ein russisk tidlegare mangekjemapar frå Zjeleznogorsk i Kursk oblast. Han vart tildelt bronsemedaljen etter tikampen i ved Friidretts-VM 2009 i Berlin, ein prestasjon som vart underkjent av Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) sju år seinare.
Aleksandr Pogorelov | |
Statsborgarskap | Russland |
Fødd | 10. januar 1980 (44 år) Zjeleznogorsk |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004 |
Aktiv
endrePogorelov vart andremann i sjukamp ved hall-EM 2005 i Sevilla med 6 111 poeng. Under verdsmeisterskapen i Helsinki i august same året enda han på femteplass med 8 246 poeng, etter han låg på tredjeplass før den avsluttande 1500-meteren, hans svakaste øving. I 2006 vart han nummer fire i europameisterskapen med 8 245 poeng, også då førte 1500 m han to plassar ned på resultatlista.
Med 8 328 poeng plasserte Pogorelov seg som nummer fire i tikampen under dei olympiske leikane i Beijing i 2008. Med nøyaktig 200 fleire poeng tok han bronsemedaljen ved verdsmeisterskapen i Berlin året etter, ein medalje han sidan vart fråkjent ettersom han skulle ha vore suspendert.
Doping
endreDå dopingprøvene frå Sommar-OL 2008 i Beijing var testa på ny i 2016, fann IOK at Pogorelov då hadde vore dopa. Det internasjonale friidrettsforbundet annullerte 2. juni 2016 alle hans resultat i perioden 23. august 2008 til 21. februar 2010.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- EM 2002 i München: Nr 8 – 8 016 poeng
- VM 2003 i Paris: Braut etter åtte øvingar
- OL 2004 i Aten: Nr 11 – 8 084 poeng
- VM 2005 i Helsinki: Nr 5 – 8 246 poeng
- EM 2006 i Göteborg: Nr 4 – 8 245 poeng
- OL 2008 i Beijing: Nr 4 – 8 328 poeng (annullert)
- VM 2009 i Berlin: Bronsemedalje – 8 528 poeng (annullert)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Alexander Gennadjewitsch Pogorelow» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2021.