Den internasjonale olympiske komitéen

(Omdirigert frå IOK)

Den internasjonale olympiske komitéen (på norsk forkorta IOK eller frå engelsk IOC: International Olympic Committee; fransk CIO: Comité international olympique) er ein internasjonal ikkje-statleg organisasjon, skipa av den franske baronen Pierre de Coubertin 23. juni 1894. Hovudkontoret ligg i Lausanne i Sveits og organisasjonen har i dag 105 aktive medlemmar og 34 æresmedlemmar.

Den internasjonale olympiske komitéen

Typesveitsisk forening
Skipa23. juni 1894
GrunnleggjarPierre de Coubertin
HovudkontorLausanne, Château de Vidy
LeiarThomas Bach
Verkeområdeverdsfemnande
Fokusolympiske leikar
Medlemmer103
MottoCitius, Altius, Fortius – Communiter
Nettstadhttps://olympics.com/ioc Sjå dette på Wikidata

IOK arrangerer Dei olympiske sommarleikane, Dei olympiske vinterleikane, Dei olympiske sommarleikane for ungdom og Dei olympiske vinterleikane for ungdom. Alle leikane vert arrangert kvart fjerde år. Dei 1. olympiske sommarleikane vart arrangert av IOK i den greske hovudstaden Aten i 1896. Dei 1. olympiske vinterleikane vart arrangert i den franske byen Chamonix i 1924. Fram til 1992 vart både sommar- og vinter-OL arrangert same år. IOK flytta dimed vinter-OL med to år for at det skulle verte betre tid til planlegging av leikane. Dei 1. olympiske sommarleikane for ungdom vart arrangert i bystaten Singapore i 2010 og Dei 1. olympiske vinterleikane for ungdom vart arrangert i den austerrikske byen Innsbruck i 2012.

Hovudkontoret til IOK i Lausanne.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Den internasjonale olympiske komitéen