Aleksandr Ptusjko

Aleksandr Ptusjko (19. april 19006. mars 1973) var ein sovjetisk animatør, illustratør og filmregissør. Han fekk stor suksess med filmane sine, og blei utnemnd til folkekunstnar av RSFSR i 1969.

Aleksandr Ptusjko
Fødd19. april 1900
FødestadLuhansk
Død6. mars 1973 (72 år)
DødsstadMoskva
Fødenamnrussisk Алекса́ндр Луки́ч Пту́шко
Aktive år1927–1972
Verka somfilmregissør, manusforfattar, kameramann, animatør, designar, regissør
PrisarStalinprisen, Folkets kunstner i Sovjetunionen, Arbeidets røde fanes orden, Ærestegnets orden, Medaljen for tappert arbeid under Den store fedrelandskrigen 1941–1945, Folkekunstner av Den russiske sovjetrepublikk, Medaljen til minne om 100-årsdagen for Vladimir Iljitsj Lenin, Medaljen til minne om Moskvas 800-årsjubileum, Æreskunstner i Den russiske sovjetrepublikk

Ptusjko er ofte blitt samanlikna med Walt Disney på grunn av den grunnleggjande rolla si i tidleg sovjetisk animasjon, sjølv om det ville vore meir passande å likna han med Willis O'Brien, Ray Harryhausen eller italienske Mario Bava, som laga liknande fantastiske eller horror-filmar med innovativ bruk av fargefilm og spesialeffektar.[1][2][3] Han byrja karrieren sin som regissør og animatør med kortfilmar i stop motion-animasjon, og laga seinare langfilmar som kombinerte animasjon, realfilm og spesialeffektar til fantasifilmar som bygde på litteratur og russisk mytologi og folklore.

Filmar i utvalEndra

  • Новый Гулливер ('Den nye Gulliver', 1935) - regi, manus
  • Золотой ключик ('Den gylne nøkkelen', 1939) - regi, produsent
  • Каменный цветок ('Steinblomen', 1946) - regi, produksjonsdesign
  • Садко ('Sadko', 1952) - regi
  • Илья Муромец (Ilja Muromets, 1956) - regi
  • Сампо ('Sampo', 1959) - regi
  • Алые паруса ('Raude segl', 1961) - regi
  • Сказка о потерянном времени ('Då tida blei forheksa', 1964) - regi
  • Сказка о царе Салтане ('Soga om tsar Saltan', 1966) - regi, manus
  • Руслан и Людмила ('Ruslan og Ludmila', 1972) - regi, manus

Døme på filmarEndra

KjelderEndra

  1. Tim Lucas, DVD commentary for Black Sunday (1960), Image Entertainment 2000
  2. Upchurch, Alan (Nov/Dec 1991). "Russkaya Fantastika: The Fairytale Landscapes of Aleksandr Ptushko – Part One". Video Watchdog, s. 24-37.
  3. Upchurch, Alan (Jan/Feb 1992). "Russkaya Fantastika: The Fairytale Landscapes of Aleksandr Ptushko – Part Two". Video Watchdog, s. 32-46.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Aleksandr Ptusjko