Ilja Muromets

russisk sagnfigur

Ilja Muromets (russisk Илья Муромец) var i russisk folkeminne ein helt med overnaturlege krefter og mot, ein såkalla bogatyr, frå Kievriket. Han blir ofte framstilt saman med to andre bogatyrar, Dobrynja Nikititsj og Aljosja Popovitsj.[1][2]

Ilja Muromets måla av Viktor Vasnetsov.
'Ilja Muromets og røvaren Nattergal' av Ivan Bilibin.

Ifølgje soga var Ilja frå Murom son av ein fattig bonde. Han sat heime til han var 30 år gammal, forakta og spotta av alle for å vera dum og feig, men så tok han seg plutseleg saman og reiste til hovudstaden Kiev for å tilby Vladimir den store å tena han. På vegen møtte han røvaren Nattergal (Solovei-Razboinik) som kunne lamslå folk med fløytinga si.[1] Muromets stod imot fløytinga og fanga Nattergal. Kona til røvaren dukka opp og tilbaud han store rikdomar i løysepengar, og dei vondsinna sønene til paret i svarte rustninger gjorde eit veddemål om at dei kunne sperra vegen hans, men Ilja tok han med seg til Kiev og overrekte røvaren til kong Vladimir den store, som blei så imponert at han straks plasserte Ilja fremst blant dei uredde kjempene sine.

Muromets sitt oppdrag var å verna folket. Han stod imot fleire åtak frå steppefolk, mellom anna frå Kalin, den mytiske leiaren av Den gylne horden.

Til rådvelde hadde han utrulege krefter og dessutan ein hest som kunne flyga og ein pil og boge med fantastiske eigenskapar. Så store var evnene hans at han av og til blir knytt til den slaviske kamp- og lynguden Perun.

Ilja Muromets blir også framstilt som enkel og temperamentsfull, og ved eit høve øydela han alle kyrkjetårna i Kiev etter at prins Vladimir ikkje hadde invitert han til ein fest. Han mildna så snart Vladimir sendte bod på han.[1]

Seinare omtale og minne endre

 
Påståtte relikviar etter Ilja Muromets i Grotteklosteret i Kiev.

Det er gjort forsøk på å identifisera ein historisk opphavsperson for mytefiguren. Hovudkandidaten er Ilja Petsjerskij, ein munk frå 1100-talet som blei beatifisert av den ortodokse kyrkja i 1643. Relikviane hans er ved Grotteklosteret i Kiev i Ukraina.

Ilja Muromets er namnet på ein symfoni komponert av Reinhold Glière, Symfoni nr. 3 i B-moll, op. 42 frå 1911.

Aleksandr Ptusjko regisserte filmen Ilja Muromets i 1956.

Namnet hans blei brukt på det fyrste store bombeflyet til Russland, Sikorskij Ilja Muromets.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2   Denne artikkelen inneheld tekst frå ein publikasjon som er falle i det fri: «Илья Муромец». Brockhaus and Efron Encyclopedic Dictionary (på russisk). 1906. 
  2. Josepha Sherman, Storytelling: An Encyclopedia of Mythology and Folklore, Routledge, 2015, ISBN 1317459385, s. 234-235, "Ilya Murometz/Ilya of Murom"