Kharkiv

by i Ukraina
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Kharkiv traktorfabrikk. For elva, sjå Kharkov.

Kharkiv (ukrainsk Харків, russisk Ха́рьков, Kharkov) er den nest største byen i Ukraina.

Kharkiv
ukrainsk Харків, russisk Харьков, Kharkov
by
Flagg
våpen
Land  Ukraina
Oblast Kharkiv oblast
Kommune Kharkiv bykommune
Høgd 152 moh.
Koordinatar 49°55′0″N 36°19′0″E
Areal 310 km²
Folketal 1 449 000  (2010)
 - storby 1 732 400
Folketettleik 4 674 / km²
Grunnlagd 1655-56[1]
Borgarmeister Hennadiy Kernes[2]
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 61001—61499
Bilnummer ХА, 21 (old)
Kart
Kharkiv
49°59′33″ N 36°13′52″ E
Wikimedia Commons: Kharkiv
Nettstad: http://www.city.kharkov.ua/en

Byen vart grunnlagd i 1654 og var eit stort senter for ukrainsk kultur i Det russiske imperiet. Kharkiv vart den første byen i Ukraina som godtok sovjetisk makt i desember 1917 og vart seinare hovudstad i Den ukrainske sovjetiske sosialistrepublikken. Kharkiv var hovudstad i Ukrainske SSR fram til 1934, då hovudstaden vart flytta til Kiev. I dag er han det administrative senteret i Kharkiv oblast og det omliggande Kharkiv rajon, medan byen i seg sjølv har ein spesialstatus i regionen. Byen ligg nordaust i landet. I 2006 hadde byen kring 1,5 millionar innbyggjarar.[3]

Kharkiv er eit stort senter for kultur, vitskap, utdanning, samferdsle og industri i Ukraina med 60 vitskaplege institutt, 30 høgare utdanningsinstitusjonar, seks museum, sju teater og 80 bibliotek. Kharkiv er den næraste storbyen til kolfelta i Donbas. Industrien er hovudsakleg basert på maskineri. Det er hundrevis av industriføretak i byen. Av desse finn ein verdskjende gigantar som Morozov designbyrå og Malysjov stridsvognfabrikk, som har vore leiande i produksjon av stridsvogner sidan 1930-åra; Khartron (elektronikk for romfart og kjernekraft) og produksjon av Turboatom-turbinar.

Byen har eit tunnelbanesystem (metro) med kring 38,1 km med baner og 29 stasjonar. Eit kjent landemerke i Kharkiv er Fridomsplassen (Maidan Svobody tidlegare kjend som Dzerzjinskyjplassen), som i dag er det sjette største bytorget i Europa og det 12 største i verda.

Kharkiv var vertskapsby for UEFA Euro 2012 og tre kampar vart spelte på Metaliste stadion.

Historie endre

Kharkiv vart grunnlagt kring 1654-1655 som ein festningssterk kosakkoloni på eit territorium kontrollert av Moskva, etter at polakkane slo tilbake mot den ukrainske kosakkoppstanden i 1648. Dei ukrainske kosakkane oppretta i områda rundt Kharkiv ei autonom politisk eining under namnet Slobidska Ukraina. I 1765 vart Kharkiv hovudstad i Ukraina, og voks sterkt med industrialiseringa av Donetsbekkenet. Byen vart i løpet av 1800-talet hovudsete for utviklinga av handel og industri austom Dnepr. Folketalet var i 1856 30 600, i 1879 102 100, i 1920 285 200. Byen var 1920–1934 hovudstad i Ukrainske SSR. 1941 inntok tyskarane Kharkiv, som vart sterkt øydelagt under kampane 1942–43. Byen er seinare gjenoppbygd med breie gater, monumentale offentlege bygningar og meir.

Geografi endre

Kharkiv ligg nordaust i Ukraina og har historisk sett høyrt til Sloboda Ukraina, der han vart rekna som hovudbyen. Byen ligg ved samløpet mellom elvane Kharkiv, Lopan og Udy, der dei renn inn i vassdraget til Donets.

Klima endre

Kharkiv har eit fuktig kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering Dfb), med kalde og snørike vintrar og varme somrar. Temperaturtilhøva er ikkje for kalde om vinteren og ikkje for varme om sommaren: -4,6 °C i januar og 21.3 °C i juli. Årsmiddelnedbøren er 513 mm per år, med mest nedbør i juni og juli.

Vêrdata for Kharkiv i Ukraina 1981-2010
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 11 14,6 21,8 30,4 34,5 36,8 37,6 39,8 33,7 29,3 20,3 13,4 39,8
Gjennomsnittleg maks °C −2,2 −1,6 4,3 14 20,8 24,3 26,4 25,7 19,4 12 3,6 −1,1 12,1
Døgnmiddeltemperatur °C −4,6 −4,5 0,7 9,2 15,6 19,3 21,3 20,3 14,4 7,9 0,9 −3,5 8,1
Gjennomsnittleg min °C −7 −7,3 −2,4 4,6 10,3 14,2 16,2 14,9 9,8 4,3 −1,5 −5,9 4,2
Lågast målte °C −35,6 −29,8 −32,2 −11,4 −1,9 2,2 5,7 2,2 −2,9 −9,1 −20,9 −30,8 −35,6
Gjennomsnittleg nedbør mm 36 33 32 34 50 61 60 42 47 44 41 36 516
Gns. dagar med regn 10 8 9 13 14 15 13 10 12 12 13 12 141
Gns. solskinstimar i månaden 49,6 65 108,5 162 238,7 264 272,8 248 186 124 48 31 1 797,6
Kjelde: Weather and climate – Kharkiv's climate [4]Hong Kong Observatory. (sun only 1961-1990)[5]

Kjelder endre

  1. Харьков. Great Soviet Encyclopedia. 
  2. Kharkiv mayor declares over Hr 6 million income for 2011, Kyiv Post (10 April 2012)
  3. «Results / General results of the census / Number of cities». 2001 ukrainsk Census. Arkivert frå originalen 9. januar 2006. Henta 9. september 2012. 
  4. Climate Information for Kharkiv, Weather and Climate,pogoda.ru.net, accessed 9. september 2012.
  5. Climatological Information for Har'kov i Ukraina, Hong Kong Observatory accessed 9. september 2012.