Aleksej Poltoranin

Aleksej Jurjevitsj Poltoranin (fødd 29. april 1987) er ein kasakhstansk langrennar, fødd i Ridder. Han tok to bronsemedaljar under Ski-VM 2013 og sikra seg sigeren i 12 tevlingar i verdscupen i langrenn. Poltoranin vart arrestert under verdsmeisterskapen 2019 i Austerrike og sikta for bloddoping.

Aleksej Poltoranin


Statsborgarskap Kasakhstan
Fødd 29. april 1987 (36 år)
Ridder
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2014, Vinter-OL 2006, Ski-VM 2007, Ski-VM 2009, Ski-VM 2011, Ski-VM 2013, Ski-VM 2015, Ski-VM 2017

Aktiv endre

Poltoranin kom på femteplassen både på sprinten og parstafetten ved Vinter-OL 2010 i Vancouver i Canada. Han vann 15 km i Davos den 11. desember 2010, den fyrste av fem sigrar i ordinære verdscuprenn, alle fem i klassisk stil. I åra fram til 4. mars 2018, då han tok sin tolvte triumf i ei verdscuptevling, vann han også sju såkalla etapperenn. Under ski-VM 2013 i Val di Fiemme sikra Poltoranin seg fyrst ein bronsemedalje på parstafetten, saman med lagkamerat Nikolaj Tsjebotko. Ei veke seinare etter spurta Poltoranin inn til bronseplass på femmila, einast verdsmeister Johan Olsson og Dario Cologna gjekk fortare. I dei neste ski-verdsmeisterskapane, 2015 i Falun og 2017 i Lahti, vart Poltoranin som best nummer sju, i Falun på femmila og i Lahti på 15 km.

Doping endre

Midt under Ski-VM 2019 i Seefeld in Tirol vart Poltoranin og fire andre langrennar arrestert av politiet, alle mistenkt for å ha dopa seg.

Kjelder endre