Aleksej Vojevodin

Aleksej Nikolajevitsj Vojevodin (fødd 9. august 1970) er ein russisk tidlegare kappgjengar frå Penza oblast som vann sølvmedalje på 50 km i Friidretts-EM 2003 og i VM 2005, og bronsemedaljen på distansen i Aten-OL 2004. Han vart dopingdømd i 2008.

Aleksej Vojevodin
Statsborgarskap Russland
Fødd 9. august 1970 (53 år)
Marat
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004

Aktiv endre

Vojevodin makta ikkje å gjere seg gjeldande i medaljestriden under verdsmeisterskapane i tida 1995-2001. Derimot gjekk han inn til sølv på spesialdistansen 50 km då europameisterskapen 2002 fann stad i München, meir enn tre-og-eit-halvt minutt bak Robert Korzeniowski frå Polen. Eitt år etter gjekk Vojevodin sitt liv snøggaste 50 km då han ved verdsmeisterskapen i Paris/Saint-Denis vart klokka inn på tida 3.38.01. Han enda likevel på fjerdeplass og utan medalje, 15 sekundar unna bronsemedaljøren. Under dei olympiske leikane 2004 i Aten kneip Vojevodin bronsen bakom Robert Korzeniowski og sin eigen landsmann Denis Nizjegorodov. Året etter tok Vojevodin sølvmedaljen ved verdsmeisterskapen i Helsinki, halvminuttet føre Alex Schwazer frå Italia og over tre minuttar bakom landsmannen ]]Sergej Kirdjapkin]].

Doping endre

Vojevodin testa i april 2008 positivt på erythropoetin (EPO) og vart stengd ute frå idretten i to år. Han kom aldri tilbake i tevling.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre