Denis Nizjegorodov

Denis Gennadjevitsj Nizjegorodov (fødd 26. juli 1980) er ein russisk tidlegare kappgjengar frå Saransk som vart verdsmeister på 50 km i 2011, etter tidlegare å ha vunne sølv og bronse på distansen i høvesvis OL 2004 og OL 2009.

Denis Nizjegorodov

2008 Denis Nizhegorodov.JPG

Statsborgarskap Russland
Fødd 26. juli 1980
Aleksandrovka
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004

AktivEndra

Nizjegorodrov høyrde til verdseliten i kappgang i tida 2003-11. Han satsa då på den lengste kappgangdistansen 50 km. Under sommarleikane 2004 i Aten vann han sølvmedaljen, fire år seinare tok han bronsemedaljen då Sommar-OL 2008 fann stad i Beijing. Tre månader før han deltok i Beijing-OL, vann han i Tsjeboksary den 11. mai 2008 ei verdscup-tevling på tida 3.34.14, ei tid som var verdsbeste på distansen fram til august 2014. Høgdepunktet for Nizjegorodrov var likevel VM-triumfen på 50 km under verdsmeisterskapen i Daegu i september 2011, ein siger som kom etter at landsmannen Sergej Bakulin vart diska frå fyrsteplassen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra