Rhône

(Omdirigert frå Rhone)

Rhône er ei av dei store elvene i Europa, som renn gjennom Sveits og Frankrike. Elva har ei lengd på 812 km, der 231 km av ho renn i Sveits, medan 581 km er i Frankrike.

Rhône
elv
Rhône frå Valais til Genfersjøen
Land  Sveits,  Frankrike
Nedslagsfelt 98 000 km²
Lengd 813 km
Areal 54 km²
Vassføring
 - middel 1 710 /s
 - maks 13 000 /s
 - min 360 /s
Kjelde Rhônebreen
Munning Middelhavet
 - koordinatar 43°19′51″N 4°50′44″E / 43.33083°N 4.84556°E / 43.33083; 4.84556
Kart
Rhône
46°34′27″N 8°22′49″E / 46.5742°N 8.3804°E / 46.5742; 8.3804
Nedslagsfeltet til Rhône
Nedslagsfeltet til Rhône
Nedslagsfeltet til Rhône
Wikimedia Commons: Rhône River

Namn endre

Rhône (fransk) er kjend som Ròseoksitansk, Rônofrankoprovençalsk, Rhone på standard tysk og RottenValais-tysk.

Ordet «Rhône» kjem av det latinske ordet Rhodanus, som igjen kjem av det greske ordet οδανός (Rhodanos), og dette er igjen ei gresk utgåve av det galliske (keltiske) namnet på elva. Grekarane høyrde dette namnet då dei hadde ein koloni i Massalia (Marseille). Det keltiske namnet på elva, som er noko slik som Rodo eller Roto og tyder «ho som rullar» eller «ho som renn», er eit mykje brukt namn på elver i gamalt keltisk språk. Dette var òg namnet på den lågare delen av elva Seinen, i tillegg til fleire andre elver i vestlege område av Europa. Dette keltiske namnet kjem frå den urindoeuropeiske rota *ret- («å renne, rulle»), som gav ordet rota («hjul») på latin, som er opphavet til ordet «rotere» og «rulle».

 
Byrjing av Rhône frå Rhônebreen i Valais

Enkelte hevdar at rota rot- eller rod- som ein finn i namnet «Rhône» og fleire andre elver i Europa, og som ser ut til å ha hatt tydinga «elv», eigentleg er pre-indoeuropeisk. Då vil det berre vere tilfeldig at det liknar det proto-keltiske verbet reto («å renne»).

Elveleie endre

Elva har utspring frå Rhônebreen i Valais i Sveits, i Saint-Gotthard-massivet i ei høgd på 1 753 m. Opp til Martigny i Sveits, er Rhône strid, og vert så ei stor fjellelv som renn sørvestover gjennom ein bredal. Så snur ho nordvestover og går ut frå Alpane og strøymer gjennom Genfersjøen, før ho går inn i Frankrike. I løpet av eit år renn det i snitt 570 m³/s[1] frå Genfersjøen.

Elva Saône renn inn i Rhône ved Lyon, før dei går sørover. Andre elver som renn ut i Rhône er Cevennane-elvene Eyrieux, Ardèche, Cèze og Gardon på høgresida, og Isère, Drôme, Ouvèze og Durance på Alpesida.

Ved Arles deler Rhône seg i to delar, og dannar elvedeltaet Camargue, der alle delane renn ut i Middelhavet. Ein arm vert kalla «Grand Rhône», og den andre «Petit Rhône». I året strøymer det i snitt ut 2300 m³/s ved Arles[2].

Transport endre

Før ein hadde jarnbanar og bilvegar, var Rhône ei viktig transportåre i dei indre områda og knytte saman dei tidlege tekstil- og handelsbyane Arles, Avignon, Valence, Vienne og Lyon med Middelhavsbyane Fos, Marseille and Sète. Elva Saône knyter byar som Villefranche, Macon og Chalons til Rhône. Mindre fartøy kan reise lenger nordvest, nord og nordaust, via Centre-Loire-Briare- og Loing-kanalane til elva Seine, via Canal de la Marne à la Saône til elva Marne, via Canal des Vosges til elva Moselle og via Canal du Rhône au Rhin til elva Rhinen.

Rhône er kjend for sine strie straumar når elva er stor, og stundom kan ein få ein straumfart på opp til 10 km/t.

Byar langs Rhône endre

 
Rhône (venstre) møter elva Arve i Geneve i Sveits.

Sveits endre

Frankrike endre

Sideelvar endre

 
Brua over Rhône i Avignon

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rhône