Alex Naumik

norsk songar

Alex eller Alexandra Naumik (fødd 12. august 1949 i Vilnius, død 17. september 2013)[1] var ein prisløna norsk artist med polsk opphav. Ho er tidlegare også kjend som Alexandra Sandøy Naumik, men artistnamnet hennar var berre Alex. Ifylgje nettsida hennar har ho eit stemmeregister på 4 og ein halv oktav.[2] Artistnamnet Alex vart skapt av Jens Bjørneboe då han dedikerte boka Kruttårnet (1969) til henne med orda: «Til lille Alex fra gamle Jens». Hårfrisyren hennar med lange, blonde krusehår vart på folkemunne kalla «Alex-hår».

Alex Naumik
Fødd12. august 1949
FødestadVilnius
Død17. september 2013 (64 år)
DødsstadOslo
OpphavNoreg, Polen
Aktiv1966–2013
Sjangerrock, funk, disco
Instrumentvokal
PlateselskapPolydor Records, RCA Records
Verka somsongar
Gift medHaakon Sandøy
PrisarSpellemannprisen i pop

Biografi endre

Oppvekst og studie endre

Alex Naumik vart fødd i Litauisk SSR, men familien hennar vart deportert til Sibir i Stalintida. Etter seks år i deportasjon fekk familien flytta til Kluczbork i Polen i 1957, der ho begynte å driva med musikk. Ho starta band, spelte inn musikk for polsk radio og bidrog på ei samleplate fyrste gongen allereie i 1966; Listy śpiewające i nie tylko.[3] Året etter fekk ho spela live på fjernsyn under Opole-festivalen saman med fullt symfoniorkester.

I studietida i Lodz møtte ho den norske utvekslingsstudenten Haakon Sandøy, som ho seinare skulle gifta seg med. Alex var no aktiv med bandet Cykady og hadde stor suksess i heimlandet. Då ho og Sandøy vart nybakte foreldre, vart det bestemt at dei skulle dra til Stavanger i 1970; seinare Oslo. Haakon Sandøy utdanna seg til filmregissør og hadde god hjelp frå Alex m.a. til filmen Brannen. Sjølv måtte Alex driva med fysisk fabrikkarbeid i den fyrste tida i Noreg.

Musikk i Noreg endre

I 1976 fekk ho platekontrakt med Polygram Records og gav ut funkrock-plata Alex i 1977. På plata song ho saman med bandet Alex som bestod av Bjørn Christiansen (gitar) og Svein Gundersen (bass) frå AuntMary samt Per Ivar Johansen på trommer. «Heartbreak Queen» vart ein stor hit frå denne plata, og Alex vart berømt i Vest-Tyskland, der ein laga fjernsynsprogram om henne.[4] Alex var m.a. med på soundtracket til kultfilmen Lasse og Geir, samt musikalen Leve Patagonia av Ketil Bjørnstad. Det vart mange konsertar i Skandinavia i denne tida.

Allereie i september 1977 kom oppfølgjarplata Handle With Care. Etter å ha gjeve ut to album same året fekk Alex Spellemannprisen i klassen for pop for begge desse to albuma. Alex hadde no skapt seg eit namn som etablert artist i Noreg. Det tredje albumet vart innspela i London og kom ut i 1979 med tittelen Hello I Love You. Fjerdeplata, Daddy's Child frå 1980 fekk tittelen sin av di faren nyleg hadde avgått ved døden. Sommaren 1980 reiste Alex på turné til Søraust-Asia.

Den 19. september 1980 døydde Per Ivar Johansen då turnébussen til bandet køyrte av vegen. Same hausten heldt Alex støttekonsert for kreftforsking saman med m.a. Marius Müller, Rolf Graf og Geir Langslett. Det Nye kåra henne til Årets kvinnelege artist i 1980, og det vart laga ein episode om henne i fjernsynsserien Songwriters to the Stars. Samleplata Alex' beste kom ut i 1981.

I 1982 gjekk ekteskapet mellom Alex og Haakon Sandøy i oppløysning. Alex arbeidde vidare med musikk og gav ut si femte plate, AlwaysCBS Records i 1983, kjend for hitsingelen «I Love Warsawa». Forøvrig deltok Alex heile fire gonger i Melodi Grand Prix i 1980-åra, men det høgaste ho kom var ein tredjeplass med songen «Univers» frå 1980. I 1984 gav ho ut singelen Stop All the Trains, og i 1985 deltok ho på hjelpeprosjektet Sammen for livet. Ho starta på eit samarbeidsprosjekt med Glen Matlock frå Sex Pistols, men prosjektet vart hindra av personlege problem.

I 1990 flytte Alex til California der ho fekk utvikla seg som artist. Herifrå gav ho ut platene Almost (1991) og Living in Color (1993). I 2004 reagerte Alex og sambuaren Atle Bakken på at ho ikkje vart teken med i NRK-satsinga Norsk rocks historie.[5]

Diskografi endre

  • Alex (1977)
  • Handle With Care (1977)
  • Hello, I Love You (1979)
  • Daddy’s Child (1980)
  • Alex' beste (1981)
  • Always (1983)
  • Almost (1991)
  • Living in Color (1993)

Kjelder endre

Fotnotar endre