Aleksander II av Russland

(Omdirigert frå Alexander II av Russland)

Aleksander II (17. april 181813. mars 1881) var tsar av Russland frå 1855 til 1881.

Aleksander II av Russland

Tsar av Russland
Regjeringstid1855-1881
Fødd17. april 1818
FødestadLille Nikolajevskij-palasset
Død1. mars 1881
DødsstadVinterpalasset
GravstadPeter- og Pauluskatedralen
FøregangarNikolaj I
EtterfølgjarAleksander III
Gift medMaria Aleksandrovna, Catherine Dolgorukov
DynastiHolsten-Gottorp-Romanov
FarNikolaj I av Russland
MorCharlotte av Preussen
BornNikolaj Aleksandrovitsj av Russland, Aleksander III av Russland, Vladimir Aleksandrovitsj av Russland, Aleksej Aleksandrovitsj av Russland, Sergej Aleksandrovitsj Romanov, Pavel Aleksandrovitsj av Russland, Aleksandra Aleksandrovna av Russland, Maria Alexandrovna av Russland, Georgij Aleksandrovitsj Jurjevskij, Olga Aleksandrovna Jurjevskaja, Jevgenij Ivanovitsj Aleksejev, Bohdan Michał Ogiński, Antoinette Bayer, Joseph Raboxicz, Prince Boris Yourievsky, Jekaterina Jurjevskaja

Aleksander II var fødd i Moskva som son av Nikolai I av Russland og Charlotte, dotter av kong Fredrik Vilhelm III av Preussen. Han var far til Aleksander III av Russland.

I regjeringstida hans vart det satsa på bygging av jernbaner og anna infrastruktur, for å binda saman det store Tsar-Russland. Riket vart òg utvida innover Asia. Den transsibirske jernbanen vart ført heilt fram til Vladivostok. Alaska vart seld i 1867 til USA.

Det vart innført nokre reformer innan landbruket, med oppheving av liveigenskapen. Bøndene kunne såleis reisa og flytta meir fritt, og mange flytta inn til byar for å ta arbeid innan industri. Trass i nokre reformer, auka misnøya mellom fleire grupper, og nokre byrja å arbeida for ein revolusjon. Som symbol på det gamle samfunnet, stod tsaren utsett til. Han vart forsøkt drepen i 1879 og 1880 og vart til slutt teke livet av i St. Petersburg i 1881.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Aleksander II av Russland
  Denne historieartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.