Alf Blyverket (24. mars 19293. april 2009) var ein norsk musikar (kontrabass, trekkspel og trombone) og orkesterleiar som var kjend frå fleire innspelingar og underhaldningsprogram i NRK.[1]

Alf Blyverket
Fødd24. mars 1929
FødestadLunner kommune
Død3. april 2009 (80 år)
OpphavNoreg
Instrumenttrombone
Verka sommusikar

Blyverket voks opp på garden Blyverket mellom Harestua og Grua. Etter utdanninga ved Musikkonservatoriet i Oslo med Reidar Furu som lærar i kontrabass og Roar Aasgaard som trombonelærar var han med i orkesteret til Willy Andresen, før han i 1953 vart tilsett som kontrabassist i Kringkastingsorkesteret. Etter at Fritz Austin var død, skifta han til trombonegruppa, der han arbeidde som andretrombonist til han gjekk av med pensjon i 1994. Gjennom åra leidde han eigne grupper, som Alf Blyverkets kvintett, Alf Blyverkets runddansdorkester og Alf Blyverkets orkester. Blyverket gav ut musikk av norske komponistar som Per Bolstad, Oluf Melvold og Anders Sørensen. Vidare medverka han på utgjevingar med Gerd og Otto, Jens Book-Jenssen, Wenche Myhre, duoen Åse Thoresen/Børt-Erik Thoresen, Øystein Sunde (Det året det var så bratt, 1971) og Vidar Sandbeck. Elles arrangerte han ei rekkje komposisjonar for trekkspel og verka dei siste åra av livet sitt framleis som dirigent og instruktør for orkester.

Utgjevingar endre

  • Triollek/Telemarkssvingen (EP, 1948). Trekkspel i duo med Ottar Nyborg.
  • Dans på odden/Over bølgen (EP, 1948). Solo.
  • Norway in popular songs (LP, Triola, 1963).
  • Gamle danser av Per Bolstad (1965)
  • Dansemelodier i gammel stil av norske bygdekomponister (1966)
  • Gammeldans til nye toner (Phillips, 1971)

Fotnotar endre