Alfred Andersen-Wingar

norsk komponist

Alfred Nikolai Andersen-Wingar (fødd 15. oktober 1869 i Kristiania; død 21. april 1952 i Oslo) var ein norsk bratsjist, komponist og dirigent.

Alfred Andersen-Wingar
Andersen-Wingar, Alfred Nikolai-OB.F06602b.jpg
Fødd 15. oktober 1869
Christiania
Død

21. april 1952 (82 år)
Oslo

Yrke komponist

Andersen-Wingar studerte hos Johannes Haarklou i Kristiania og hos Jules Massenet og André Gedalge i Paris. Opphavleg var han fiolinist, men skifta seinare over til bratsj og var bratsjist i Christiania Musikforening der han i 1911 til 1919 leia ein serie populære folkekonsertar med rimeleg inngangspris.

Han uttala sjølv at musikalsk var han mest påverka av Ludwig van Beethoven og Johan Svendsen, medan samtidige komponistar ikkje spelte nokon rolle for han.[1] Som komponist var han ein representant for seinromantikken.

Verk i utvalEndra

Til hovudverka sine rekna han symfoniane, operaene, fire orkestersuitar og orkester/klaverfantasien Aus Norwegens Berg und Thal.[1]

  • Fire symfoniar: A-dur, d-moll, g-moll og C-dur
  • To operaer: Frithjof og Ingeborg og Die alte Methode
  • Fire orkestersuiter: Les Naïades, Iraka, Douces Souvenances («Berceuse») og La Vie («Une petite suite»)
  • Fantasi over norske folketonar for orkester eller klaver: Aus Norwegens Berg und Thal (i norske program Fra Norges Fjeld og Dal)
  • Ouverturar til Ibsen-stykka Hedda Gabler og Bygmester Solness
  • To fiolinkonsertar
  • Scenemusikk, mellom andre Orientalsk Intermezzo og til Vasantasena
  • Ei rad songar.
Arrangement
  • Bearbeiding av Rektah, ein gamal indisk melodi
  • Instrumentering av Crescendo (Per Lasson)

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 Wingar, Alfred Andersen- i Musikkens verden, spalte 2200

BakgrunnsstoffEndra