Johannes Haarklou
Johannes Haarklou (13. mai 1847–26. november 1925) var ein norsk komponist, organist og dirigent.
Johannes Haarklou | |
![]() | |
Fødd | 13. mai 1847 |
---|---|
Fødestad | Førde |
Død | 26. november 1925 (78 år) |
Dødsstad | Oslo |
Opphav | Noreg |
Aktiv | 1878–1925 |
Sjanger | opera |
Instrument | orgel |
Verka som | komponist, dirigent, journalist, musikkritikar, organist |
Gift med | Inga Marie Knoph |
Born | Andreas Haarklou |
Prisar | Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen |
Liv Endra
Johannes Haarklou vart fødd den 13. mai 1847 i Førde.
I 1868 vart han lærar i Eiker og fekk lære orgelspel og harmonilære i Drammen. I 1872 studerte han i Christiania med Ludvig Mathias Lindemann. Frå 1873 til 1875 studerte han ved konservatoriet i Leipzig, m.a. med Carl Reinecke, og deretter ved musikkhøgskulen i Berlin. Frå 1880 var han organist og dirigent i Christiania (Oslo). Han hadde ry som virtuos og for sine improvisasjonar på orgelet.
Haarklou er mest kjend for oratoriet Skabelsen og Mennesket til ein tekst av Henrik Wergeland; dette verket vart uroppført i 1891. Han skreiv òg fem operaer, fire symfoniar, eit symfonisk dikt (Westminster Abbey), to orgelsymfoniar, sonatar, songar, korverk og pianostykke. Ein del av verket hans er ikkje vorte utgjeve. Frå 1882 til 1921 var han òg musikkritikar ved ymse aviser, m.a. i Dagbladet.
I 1911 vart Haarklou utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
Privatliv Endra
Haarklou var gift med Inga Marie Knoph (fødd 1865), og han er far til komponist og organist Andreas Haarklou. Han var god ven med folk som Anders Hovden, Per Sivle og Knut Hamsun. Ein periode budde Hamsun heime hos familien Haarklou.[1] Frå ungdommen var han òg kamerat av Olav Lofthus, mangeårig redaktør i Bergens Tidende.[2]Finn Benestad omtalar Haarklou som «en forgrunnsskikkelse i norsk musikkliv fra 1880 til 1925» og «utvilsomt en av de mest allsidige komponister som Norge noen gang har hatt».[2]
Verk Endra
Vokalverk Endra
Oratorium Endra
- Skabelsen og Mennesket
Operaer Endra
Andre vokalverk Endra
Instrumentalverk Endra
Symfoniske verk Endra
- Westminster Abbey (symfonisk dikt)
Orgelverk Endra
- Fantasi triomphale, opus 36 (verk 61), 1900
- Tre stykker for orgel, opus 54 (verk 112)
- nr 1 Preludium og koral "Nun danket alle Gott"
- nr 2 Preludium og fuge
- nr 3 Preludium og fuge over G.A.D.E.
- Orgelsymfoni nr. 1 i d-moll, opus 53 (verk 106), 1916;
- Orgelsymfoni nr. 2 i d-moll, opus 60 (verk 116), 1924
- Preludium og Fuge over B.A.C.H., verk 121, ca. 1925
Sonatar Endra
Pianostykke Endra
Kjelder Endra
- Fotnotar
- ↑ Sætre, Arild. Norges gløymde komponist. Klassekampen, 4. juli 2013, s14.
- ↑ 2,0 2,1 Finn Benestad (1961). Johannes Haarklou: mannen og verket. Universitetsforlaget.
Bakgrunnsstoff Endra
- Liste over Haarklau sine komposisjonar ved wikiwand.com