Alfredo Catalani

italiensk komponist

Alfredo Catalani (fødd 19. juni 1854 i Lucca, død 7. august 1893 i Milano) var ein italiensk romantisk operakomponist. I dag er Catalani best kjend for operaene Loreley (1890) og La Wally (1892).

Alfredo Catalani

Fødd19. juni 1854
FødestadLucca
Død7. august 1893 (39 år)
DødsstadMilano
OpphavKongedømet Italia
Sjangeropera, symfoni
Verka somkomponist, musikkforskar

Biografi endre

Alfredo Catalani gjekk på musikkonservatoriet i Milano og vart undervist av Antonio Bazzini. Då han sjølv tok til å komponera, valde han å ikkje følgja med den veristiske bølgja som skylde over italiensk opera frå 1880-åra. I staden brukte Catalani ein meir tradisjonell komposisjonsstil som nærmar seg stilen til Jules Massenet og Giacomo Puccini, og han vart også inspirert av Amilcare Ponchielli. Diverre kom verka hans Catalani i skuggen av både dei veristiske og dei tidlegare romantiske komponistane, og har i dag mist plassen sin i det moderne repertoaret. Dei tidlege operaene hans, La Falce (1875), Elda (1880), Dejanice (1883) og Edmea (1886) hadde laber suksess, mykje på grunn av dårlege librettoar.

Den mest populære Catalani-operaen La Wally (1892), med libretto av Luigi Illica, tek plass i Alpane i Tyrol, og vert m.a. hugsa for den dramatiske sluttscena, der heltinna Wally kastar seg uti eit ras og døyr. Operaen inneheld arien «Ebben? Ne andrò lontana» som enno vert framført ofte i dag. Arien var m.a. sentral i kultfilmen Diva (1981), der han vart sungen av Wilhelminia Fernandez.[1] Våren 2017 sang den norske sopranen Kari Postma tittelrollen i La Wally ved Volksoper Wien.[2]

Alfredo Catalani døydde av tuberkulose i Milano i 1893, 39 år gamal. Han vart gravlagd på Cimitero Monumentale, som i dag hyser gravene til kunstnariske storleikar som Amilcare Ponchielli og Arturo Toscanini. Toscanini var ein forkjempar for Catalani sin musikk, og kalla dottera si Wally til ære for operaen. I 1952 vart det gjort opptak medan Toscanini dirigerte NBC Symphony Orchestra til siste akt frå La Wally og «vassnymfenes dans» frå Loreley i Carnegie Hall. La Wally vart også framført i desember 1953 på La Scala i Milano for å markera 100-årsjubileet for fødeåret til komponisten.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Diva på the Internet Movie Database
  2. Petsch, Barbara (22. mars 2017). «Postma und Stiehl: „La Wally ist wie meine Mutter“». Die Presse (på tysk). Henta 28. oktober 2017.