Alkalifil

Ein alkalifil er ein organisme som veks optimalt ved høg pH, oftast mellom 9 og 11. Ein finn desse helst i sodasjøar og i karbonathaldig jord. Sidan dei fleste bakteriar trivst best i smått basiske miljø, er alkalifilane ei stor og mangfaldig gruppe organismar. Sjølv om sopp oftast trivst best i svakt sure miljø, finst det nokre få alkalifilar der òg.

Sodasjøar, som denne i California, er fine habitatar å leita etter alkalifilar i.

Naturlege basiske miljø er oftast rike på natriumhaldige stoff som Na2CO3 og NaCl. Ein god del alkalifilar er difor avhengige av tilførte natrium-ion.

Mange alkalifilar løyser problemet med basiske miljø ved aktivt å pumpa proton inn i cytoplasma for såleis å senka pHen.

Ekstremofilar
acidofil | alkalifil | barofil | halofil | osmofil | piezofil | psykrofil | termofil | xerofil |

KjelderEndra

  • Singleton, Paul & Sainsbury, Diana: Dictionary of Microbiology and Molecular Biology Wiley 1987
  • Engelsk wikipedia