Alkoholhaldig drykk

drikk som er iblanda alkohol, oftast etanol
(Omdirigert frå Alkoholhaldig drikk)

Alkoholhaldig drykkar eller alkoholhaldige drikkar er drikkevarer som inneheld (meir enn eit par promille av) alkoholen etanol. Til dagleg blir dei gjerne berre kalla «alkohol». Alkoholen i drykken er fremstilt ved gjæring eller destillering. Nokre vanlege typar alkoholhaldig drykke er øl, vin og brennevin.

Klart brennevin (Korn) og mørkt øl (Lüttje Lage) blir drukke saman i ein tysk drikkekultur frå Hannover.

Ein har laga alkoholhaldig drikke gjennom store delar av historia, og drikkane utgjer ein viktig del av mange kulturar. Samtidig kan drikkane føra til misbruk og avhengnad, og gjennom dette ei rekkje samfunnsproblem.

I store nok mengder vil alkoholhaldig drykk gjera den som drikk han, berusa. Dette kan føra til uheldig oppførsel, helseskader og samfunnsproblem. Alkoholdrikking i mengder som blir sett på som eit problem av samfunnet blir kalla alkoholmisbruk, medan fysisk avhengnad av alkohol blir kalla alkoholisme. På grunn av dette har bruk av alkoholhaldig drykk ofte vore omstridt, og drykken er ofte lovregulert eller forboden i ulike samfunn eller grupper.

Norske drikkevanar

endre

I Noreg vart det omsett alkoholhaldig drykk med til saman 4,9 millionar liter rein alkohol i første kvartal i 2006. I løpet av same periode drakk kvar innbyggjar over 15 år i snitt 1,32 liter rein alkohol, ei auke på 0,8 prosent i høve til fjoråret. Desse tala inkluderer ikkje heimeprodusert alkohol, turistimport eller smuglarvarer.

Bakgrunnsstoff

endre