All Around My Hat

All Around My Hat
Studioalbum av Steeleye Span
Utgjeve Oktober 1975
Innspelt Juli 1975
Studio Air Studios i London
Sjanger Britisk folkrock
Lengd 38:33
Selskap Chrysalis
Produsent Mike Batt
Steeleye Span-kronologi 
Commoners Crown
(1975)
All Around My Hat Rocket Cottage
(1976)


All Around My Hat er det åttande studioalbumet til Steeleye Span, gjeve ut i 1975. Albumet nådde sjuandeplassen på UK Albums Chart, den høgaste plasseringa dei klarte på denne lista, og det låg inne på lista i seks månader. Det vart produsert av Mike Batt, som òg produserte det neste albumet deira, Rocket Cottage. I USA vart albumet det første albumet deira som gjekk inn på albumlista der, ein 143. plass.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]

Tittelsporet vart korta ned til litt over tre minuttar og gjeven ut å singel. Dette vart den største hitten deira med ein femteplass på UK Singles Chart. B-sida var «Black Jack Davy». I 1996 vart songen spelt inn av Status Quo, med Maddy Prior på gjestevokal, og då dei turnerte i England det året med Steeley Span som oppvarmingsband, kom ho på scenen og song songen i lag med dei. Dei gav ut songen på singel og han nådde 47. plassen på lista.

I 1976 vart ein forkorta versjon av ein annan song frå albumet, «Hard Times of Old England», gjeven ut på singel, men denne gjekk ikkje inn på listene.

Songen «Dance with Me» er ein versjon av den skandinaviske balladen «Olav Liljekrans».

Plateomslaget vart designa av John O'Connor, ein ven av Tim Hart, ved hjelp av ein anamorfisk projeksjon som forvridde andleta til deira, men som ser korrekt ut om ei ser på albumet frå sida gjennom spesielle hol i tekstarket som følgde med.

Innhald endre

Alle songane er tradisjonelle.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Black Jack Davy»4:20
2.«Hard Times of Old England»5:16
3.«Cadgwith Anthem»2:48
4.«Sum Waves»4:05
5.«The Wife of Ushers Well»4:36
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Gamble Gold (Robin Hood)»3:44
7.«All Around My Hat»4:12
8.«Dance with Me»3:56
9.«Batchelors Hall»5:47

Medverkande endre

Kjelder endre