«All In Your Head»
Singel av Lys Assia og New Jack
Land Sveits
Utgjeve 2012
Låtskrivar(ar) Jean Paul Cara og Ralph Siegel

«All In Your Head» er ein song av Lys Assia og New Jack.

Die grosse Entscheidungsshow 2013 endre

I 2012 vart songen vald ut til å delta i ei internettrøysting der ein kunne røyste han vidare til finalen i Die grosse Entscheidungsshow, den sveitsiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige. Songen gjekk ikkje vidare til finalen og fekk heller ikkje representere Sveits i Eurovision Song Contest 2013.[1][2][3]

Assia har tidlegare vunne Eurovision Song Contest 1956 og delteke i Eurovision Song Contest 1957 og 1958 for Sveits. Ho har òg delteke i den nasjonale finalen til Vest-Tyskland i 1956 og den nasjonale finalen til Sveits i 2012.

Kjelder endre