Eurovision Song Contest 1957 (ESC 1957) var den andre gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Großer Sendesaal des hessischen Rundfunks i Frankfurt am Main i Vest-Tyskland. Finalen fann stad sundag 3. mars. Nederland vann tevlinga med songen «Net als toen», framført av Corry Brokken.
Eurovision Song Contest 1957
|
---|
|
---|
|
|
---|
Dato
|
---|
Finalen |
3. mars 1957
|
Vertskap
|
---|
|
|
|
|
Varigskap
|
---|
Opningsnummer
|
---|
Pausenummer
|
---|
Bidrag
|
---|
|
Kart
|
---|
ESC 1957 Map.svg
|
██ Land som deltok i tevlinga
|
|
Røysting
|
---|
Eurovision Song Contest
|
---|
|
Som året i førevegen var tevlinga fyrst og fremst eit radioprogram, då fjernsynet enda ikkje var vorte allemannseige. Tevlinga vart halden i Vest-Tyskland trass i at Sveits vann året før. Sedvanen der fjorårets vinnar tar på seg arrangementet, var ikkje etablert på dette tidspunktet. I staden var det meininga at arrangementet skulle gå på rundgang mellom landa, men ettersom stadig fleire land meldte seg på tevlinga, vart ei slik ordning upraktisk.
Kvart land hadde ti jurymedlemmar, der det enkelte jurymedlem gav eit poeng til den songen vedkommande likte best. Jurymedlemmane kunne ikkje røyste på sitt eige land. I motsetnad til året i førevegen vart resultatet frå røystgjevinga offentleggjort, og dette har vore praksis i tevlinga sidan. I 1957 vart juryane for fyrste gong kontakta ved hjelp av telefon.
I tillegg til dei sju landa som deltok i 1956, var Danmark, Storbritannia og Austerrike med i tevlinga for fyrste gong dette året. Kvart land fekk berre delteke med eit bidrag kvar – i 1956 hadde kvart deltakarland stilt med to songar. Det var stort sprik i lengda på dei ulike bidraga til landa. Ytterpunkta var det italienske og britiske bidraget: det italienske bidraget varte i fem minutt og ni sekund, bidraget til Storbritannia i eitt minutt og 52 sekund. Reglane antyda at bidraga ikkje burde overskride tre minutt. Italia vart likevel ikkje diskvalifisert, trass sterke protestar.