Yngre dryas
Yngre dryas er ein klimaperiode, stundom kalla den store fryseperioden,[1] i ein geologisk kort (1300 ± 70 år) periode med kalde klimatilhøve og tørke i perioden frå om lag 12 800 til 11 500 år sidan.[2] Ein trur yngre dryas-tida vart skapt då den nordamerikanske iskalotten kollapsa, men det finst òg andre motseiande teoriar.
Perioden følgde Bølling-Allerød interstadial mot slutten av pleistocen og før preboreal tidleg i holocen. Han er kalla opp etter den alpine tundrablomen Dryas octopetala.
Yngre dryas er òg ein klimaperiode hos Blytt-Sernander som ein finn i lag i nordeuropeiske torvmyrer. Klimaperioden er datert til 12 900 til 11 500 år sidan. Eldre dryas stadial kom før Allerød-stadialet, om lag 1000 år før yngre dryas, og varte 300 år.[3]
Brå klimaendring
endreUnder yngre dryas byrja isbreane å vende attende på høgare breiddegrader på den nordlege halvkula for mellom 12 900 og 11 500 år sidan[4] og det stod i skrap kontrast til oppvarming i den føregåande smelteperioden. Ein trur at overgangsperiodane varte om lag eit tiår kvar,[5], men starten på perioden kan ha skjedd raskare.[6] Iskjernar frå Grønland indikerer at temperaturen der var om lag 15 gradar kaldare enn i dag.[5]. I Storbritannia har ein funne fossil som indikerer at den årlege middeltemperaturen var 5 grader kaldare der,[7] og ein hadde periglasiale tilhøve i lågareliggande område, med isfelt og isbrear i høgareliggande strøk.[8] Ein har ikkje sett ei slik rask og omfattande brå klimaendring sidan.[4]
Globale effektar
endreI Vest-Europa og Grønland er yngre dryas ein veldefinert kald periode.[9] Avkjølinga i det tropiske Nord-Atlanteren kan ha skjedd eit par hundre år tidlegare. Sør-Amerika har mindre spor av starten på perioden, men syner ei brå avslutning. The den antarktiske kalde reverseringa ser ut til å ha starta tusen år før yngre dryas, og har ikkje no klårt definert start eller slutt. Huybers hevdar det er spor på at yngre dryas ikkje skjedde i Antarktisk, New Zealand og delar av Oseania.[10] Timinga av den tropiske motparten til yngre dryas - den klimatiske avisingsreverseringa (DCR) - er vanskeleg å datere sidan ein har mangelfulle iskjerneprøvar frå denne perioden på desse breiddegradene. Eit døme er iskjerneprøven frå Sajama i Bolivia, der timinga stemmer overeins med prøvar frå Grønland. Klimatilhøva i dei sentrale Andesfjella under DCT var signifikant og prega av eit skifte til mykje våtare, og truleg kaldare, vêr.[11] Omfanget og den brå måten det skjedde på indikerer at klimaet på låge breiddegrader endra seg under yngre dryas/DCR.
I det vestlege Nord-Amerika er det truleg at effektane av yngre dryas var mindre intense enni Europa, men det er funnen spor etter fornya isbredanning[12] som indikerer at det var nedkjøling nordvest i Stillehavet under yngre dryas.
Andre trekk ein har observert:
- Skogen i Skandinavia vart erstatta av glasial tundra (der planta Dryas octopetala veks).
- Isbredanning eller auka snødekke i fjellkjedene rundt om i verda.
- Danning av jordflytingslag og løssavleiringa i Nord-Europa.
- Meir støv i atmosfæren frå ørkenar i Asia.
- Tørke i Levanten, noko som kanskje motiverte Natufi-kulturen til å utvikle jordbruk.
- Den kalde reverseringa på den sørlege halvkula enda samstundes.
- Nedgang i Clovis-kulturen og dyreartar døydde ut i Nord-Amerika.
Årsaker
endreDen rådande teorien er at yngre dryas oppstod ved at den nordatlantiske sirkulasjonen, som sirkulerer varmt tropisk vatn nordover, tok imot store mengder ferskvatn frå Lake Agassiz og issmeltinga i Nord-Amerika. Ein har derimot få geologiske spor som beviser ei slik hending.[13] Det globale klimaet globale klimaet ville då ha vorte låst i den nye tilstanden fram til frysing fjerna «ferskvasslokket» frå Nord-Atlanteren. Ein nyare, alternativ teori indikerer at jetstraumane i staden flytta seg nordover på grunn av endringar i det topografiske pådraget som smeltinga av den nordamerikanske iskalotten medførte. Dette førte til meir regn i Nord-Atlanteren som gjorde havoverflatevatnet ferskt nok til å stoppe den termohaline sirkulasjonen.[14]
Tidlegare istidsavslutningar hadde ikkje ein yngre dryas-liknande hending, noko som indikerer at det var tilfeldige faktorar inne i biletet. Likevel er det spor på at somme tidlegare istider har hatt avkjølingsperiodar etter istida var over, liknande yngre dryas.[15]
Slutten på klimaperioden
endreMålingar i oksygenisotopar frå iskjernene på Grønland indikerer at yngre dryas enda i løpet av berre 40-50 år i tre diskrete steg, som kvar varte fem år. Andre data, som støvkonsentrasjon og snøoppsamling, indikerer ein enno raskare overgang, som krev ei temperaturendring på 7 °C i løpet av berre nokre få år.[4][5][16][17] Den totale oppvarminga var 10 +/- 4 grader.[18]
Slutten av yngre dryas er datert til kring 11 550 år sidan.
Effekt på jordbruket
endreYngre dryas er ofte knytt til oppstarten av jordbruk i Levanten.[19][20] Det er hevda at den kalde og tørre perioden senka bereevna i området og tvinga det fastbuande natufifolket til å flytte meir på seg. Ytterlegare forverring av klimaet trur ein har ført til at dei byrja å dyrke korn. Sjølv om det er forholdsvis brei konsensus om rolla yngre dryas hadde for endringane hos natufiane, er tilknytinga til oppstarten av jordbruket omdiskutert.[21][22]
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Younger Dryas» frå Wikipedia på engelsk, den 28. august 2011.
- ↑ Berger, W. H. (1990). «The Younger Dryas cold spell — a quest for causes». Global and Planetary Change 3 (3): 219–237. doi:10.1016/0921-8181(90)90018-8.
- ↑ Muscheler, Raimund; et al. (2008). «Tree rings and ice cores reveal 14C calibration uncertainties during the Younger Dryas». Nature Geoscience 1 (4): 263–267. doi:10.1038/ngeo128.
- ↑ doi:10.1111/j.1502-3885.1974.tb00669.x
- ↑ 4,0 4,1 4,2 Alley, Richard B. (2000). «The Younger Dryas cold interval as viewed from central Greenland». Quaternary Science Reviews 19 (1): 213–226. doi:10.1016/S0277-3791(99)00062-1.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 Alley, Richard B.; et al. (1993). «Abrupt accumulation increase at the Younger Dryas termination in the GISP2 ice core». Nature 362 (6420): 527–529. Bibcode:1993Natur.362..527A. doi:10.1038/362527a0.
- ↑ Choi, Charles Q. (2 December 2009). «Big Freeze: Earth Could Plunge into Sudden Ice Age». Henta 24. august 2011.
- ↑ Severinghaus, Jeffrey P.; et al. (1998). «Timing of abrupt climate change at the end of the Younger Dryas interval from thermally fractionated gases in polar ice». Nature 391 (6663): 141–146. doi:10.1038/34346.
- ↑ Atkinson, T. C.; et al. (1987). «Seasonal temperatures in Britain during the past 22,000 years, reconstructed using beetle remains». Nature 325 (6105): 587–592. doi:10.1038/325587a0.
- ↑ How Stable was the Holocene Climate?, arkivert frå originalen 24. september 2015, henta 28. august 2011
- ↑ http://www.sciencedaily.com/releases/2010/09/100908132214.htm
- ↑ Thompson, L. G.; et al. (2000). «Ice-core palaeoclimate records in tropical South America since the Last Glacial Maximum». Journal of Quaternary Science 15 (4): 377–394. doi:10.1002/1099-1417(200005)15:4<377::AID-JQS542>3.0.CO;2-L.
- ↑ Friele, P. A.; Clague, J. J. (2002). «Younger Dryas readvance in Squamish river valley, southern Coast mountains, British Columbia». Quaternary Science Reviews 21 (18–19): 1925–1933. doi:10.1016/S0277-3791(02)00081-1.
- ↑ Broecker, Wallace S. (2006). «Was the Younger Dryas Triggered by a Flood?». Science 312 (5777): 1146–1148. PMID 16728622. doi:10.1126/science.1123253.
- ↑ doi:10.1029/2009PA001778
- ↑ doi:10.1016/j.quascirev.2008.02.004
- ↑ Sissons, J.B. (1979). «The Loch Lomond stadial in the British Isles». Nature 280 (5719): 199–203. doi:10.1038/280199a0.
- ↑ Dansgaard, W.; et al. (1989). «The abrupt termination of the Younger Dryas climate event». Nature 339 (6225): 532–534. Bibcode:1989Natur.339..532D. doi:10.1038/339532a0.
- ↑ Kobashia, Takuro; et al. (2008). «4 ± 1.5 °C abrupt warming 11,270 years ago identified from trapped air in Greenland ice». Earth and Planetary Science Letters 268 (3–4): 397–407. Bibcode:2008E&PSL.268..397K. doi:10.1016/j.epsl.2008.01.032.
- ↑ Bar-Yosef, O. and A. Belfer-Cohen: "Facing environmental crisis. Societal and cultural changes at the transition from the Younger Dryas to the Holocene in the Levant." In: The Dawn of Farming in the Near East. Edited by R.T.J. Cappers and S. Bottema, pp. 55–66. Studies in Early Near Eastern Production, Subsistence and Environment 6. Berlin: Ex oriente.
- ↑ Mithen, Steven J.: After The Ice: A Global Human History, 20,000–5000 BC, pages 46–55. Harvard University Press paperback edition, 2003.
- ↑ Munro, N.D. (2003). «Small game, the younger dryas, and the transition to agriculture in the southern levant» (PDF). Mitteilungen der Gesellschaft für Urgeschichte 12: 47–64. Arkivert frå originalen (PDF) 2. juni 2020.
- ↑ Balter, Michael (2010). «Archaeology: The Tangled Roots of Agriculture». Science 327 (5964): 404–406. PMID 20093449. doi:10.1126/science.327.5964.404. Henta 26. august 2011.