Alonei Abba (hebraisk אַלּוֹנֵי אַבָּא, tyder Abba sine eiketre) er ein moshav shitufi, eller ein delvis fellesbusetnad nord i Israel. Han ligg i Nedre Galilea nær Betlehem og Alonim, i åsane aust for Kiryat Tivon.[2] Alonei Abba høyrer til Jezreeldalen regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på 928.[1]

Alonei Abba
Allone Abba, אַלּוֹנֵי אַבָּא
landsby
Land  Israel
Region Nedre Galilea
Distrikt Nord distrikt
Kommune Jezreeldalen
Koordinatar 32°43′46.2″N 35°10′18.47″E / 32.729500°N 35.1717972°E / 32.729500; 35.1717972
Folketal 928  (2012)[1]
Grunnlagd 1948
 - Grunnlagd av Austerrikske og rumenske emigrantar
Tilhøyrsle HaOved HaTzioni
Kart
Alonei Abba
32°43′46″N 35°10′18″E / 32.7295°N 35.171797222222°E / 32.7295; 35.171797222222
Wikimedia Commons: Alonei Abba

Historie endre

Waldheim endre

Alonei Abba vart tidlegare kalla Waldheim, ein koloni grunnlagd i 1907 av tyske kristne frå Den prøyssisk evangeliske kyrkja på landområdet frå fellaheen-landsbyen Umm al-Amed. Kjøpsprisen på 170 000 francs vart finansiert av ein Haifa-basert banken Darlehenskasse der deutschen evangelischen Gemeinde Haifa GmbH og fullstendig refinansiert av Stuttgarter Gesellschaft zur Förderung der deutschen Ansiedlungen in Palästina. Kolonien dekte 7 200 000 kvadratmeter (7 200 dekar).[3]

Dei fleste innbyggjarane hadde tysk borgarskap. I 1932 vann Nazi-partiet dei to første medlemmane sine i Palestina.[4] I løpet av 1930-åra slo somme frå Waldheim seg òg til nazistane. Fram til august 1939 var 17 % av ikkje-jødiske tyskarar i Palestina medlemmar av nazi-partiet.[5] Den 20. august 1939 kalla den tyske regjeringa alle ikkje-jødiske tyske menn inn til Wehrmacht. 350 frå Waldheim svara på innkallinga.

den andre verdskrigen braut ut vart alle tyskarar i Palestina utlendingar frå fiendtleg nasjon. Dei britiske styresmaktene valde å internere dei fleste av desse utlendingane. Sarona, Betlehem i Galilea, Waldheim og Wilhelma vart omgjorte til interneringsleirar. Dei fleste fiendtlege utlendingane i Palestina, som var ikkje-jødiske tyskarar, ungararar og italienarar, vart internerte i ein av desse leirane, medan innbyggjarane som alt budde der berre vart verande der dei var. Sommaren 1941 vart 665 internerte kristne tyskarar frå Waldheim, nesten alle unge familiar med barn, flytta til Australia, der dei kunne starte på nytt. Mange av dei gjenverande tyskarane var anten for gamle eller for sjuke til å reise til Australia, medan andre, hovudsakleg evangeliske tyskarar, ikkje ønskte å dra dit. Med hjelp av internerte ungararar og italienarar, kunne dei internerte drive jordbruk for å brødfø seg sjølv og selje varer i byte mot forsyningar dei ikkje hadde i leirane. I desember 1941 og i 1942 vart 400 internerte, hovudsakleg koner og barn av dei som drog til Tyskland for å kjempe i krigen, sleppte fri, via Tyrkia til Tyskland.[6]

Etter freden i Paris vart dei italienske og ungarske internerte sleppte fri frå Waldheim og dei andre leirane. Britane nekta å ta i mot dei gjenverande tyske internerte til den britiske sonen i Tyskland, fordi dei alt tok i mot millionar av krigsflyktningar og andre som vart drivune ut av Polen, Tsjekkoslovakia og andre land etetr krigen. I 1947 vart dei britiske styresmaktene samde med Australia om å la dei gjenverande internerte for emigrere til Australia.

17. april 1948 gjekk væpna medlemmar av Haganah inn i Waldheim, utan at dei få britiske soldatane som var i leiren kunne stoppe dei, og tok livet av to kolonistar medan ei kvinne vart hardt skadd.[7][8] Denne hendinga og at det nærma seg slutten på mandattida, gjorde at britane måtte skunde seg å få flytta resten, 51 tyskarar og fire sveitesarar, til Kypros. 14. mai 1948, då Israel vart sjølvstendig, var berre kring 50 ikkje-jødiske tyskarar, hovudsakleg eldre og sjuke, att i den nye staten. Dei forlet landet frivillig eller vart kasta ut av regjeringa.[9]

Alonei Abba endre

Den 12. mai 1948 grunnla ei gruppe unge sionistpionerar frå Tsjekkoslovakia, Austerrike og Romania, medlemmar av Hanoar Hatzioni, kibbutzen BaMa'avak (tyder I kampen) i den fråflytta kolonien, etter fire år med jordbruksutdanning i Herzliya. Tre år seinare vart kibbutzen ein moshav shitufi og namnet vart endra til Alonei Abba til minne om Abba Berdichev, som hoppa i fallskjerm inn i Tsjekkoslovakia i 1943 for å hjelpe hemmelege britiske styrkar, men vart fanga og avretta i 1945.[10]

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Alonei Abba» frå Wikipedia på engelsk, den 27. februar 2015.
  • Alex Carmel (אלכס כרמל), Die Siedlungen der württembergischen Templer in Palästina (1868–1918) (11973), [התיישבות הגרמנים בארץ ישראל בשלהי השלטון הטורקי: בעיותיה המדיניות, המקומיות והבינלאומיות, ירושלים :חמו"ל, תש"ל; German], Stuttgart: Kohlhammer, 32000, (Veröffentlichungen der Kommission für geschichtliche Landeskunde in Baden-Württemberg: Reihe B, Forschungen; vol. 77). ISBN 3-17-016788-X.
  • Ejal Jakob Eisler (איל יעקב איזלר), ««Kirchler» im Heiligen Land: Die evangelischen Gemeinden in den württembergischen Siedlungen Palästinas (1886–1914)» [title translated into "Church proselytes» i Holy Land: The Protestant congregations withi Württembergian settlements of Palestina (1886–1914)], In: Dem Erlöser der Welt zur Ehre: Festschrift zum hundertjährigen Jubiläum der Einweihung der evangelischen Erlöserkirche in Jerusalem, Karl-Heinz Ronecker (ed.) on behalf of the 'Jerusalem-Stiftung' and 'Jerusalemsverein', Leipzig: Evangelische Verlags-Anstalt, 1998, s. 81–100. ISBN 3-374-01706-1.
  • Moderow, Hans Martin Kuno, Deutsches evangelisches Leben am Karmel [title translated into German Protestant life at the Carmel], Potsdam: Stiftungsverlag, 1910.
  1. 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 13. mai 2014. 
  2. http://www.haaretz.com/hasen/pages/ShArt.jhtml?itemNo=789914&contrassID=2&subContrassID=20
  3. Ejal Jakob Eisler (איל יעקב אייזלר), ««Kirchler» im Heiligen Land: Die evangelischen Gemeinden in den württembergischen Siedlungen Palästinas (1886–1914)», In: Dem Erlöser der Welt zur Ehre: Festschrift zum hundertjährigen Jubiläum der Einweihung der evangelischen Erlöserkirche in Jerusalem, Karl-Heinz Ronecker (ed.) on behalf of the 'Jerusalem-Stiftung' and 'Jerusalemsverein', Leipzig: Evangelische Verlags-Anstalt, 1998, s. 81–100, here s. 97. ISBN 3-374-01706-1.
  4. Karl Ruff and Walter Aberle from the German Colony in Haifa, in: Ralf Balke, Hakenkreuz im Heiligen Land: Die NSDAP-Landesgruppe Palästina, Erfurt: Sutton, 2001, s. 41. ISBN 3-89702-304-0
  5. Paul Sauer,Vom Land um den Asperg im Namen Gottes nach Palästina und Australien: Die wechselvolle Geschichte der Tempelgesellschaft, lecture held on 20. oktober 1995 in Burgstetten on the occasion of the 750th anniversary of Kirschenhardthof, printed as Schriftenreihe TG, No. 1 (1996), s. 17
  6. Paul Sauer,Vom Land um den Asperg im Namen Gottes nach Palästina und Australien: Die wechselvolle Geschichte der Tempelgesellschaft, lecture held on 20. oktober 1995 in Burgstetten on the occasion of the 750th anniversary of Kirschenhardthof, printed as Schriftenreihe TG, No. 1 (1996), s. 18seqq.
  7. Paul Sauer,Vom Land um den Asperg im Namen Gottes nach Palästina und Australien: Die wechselvolle Geschichte der Tempelgesellschaft, lecture held on 20. oktober 1995 in Burgstetten on the occasion of the 750th anniversary of Kirschenhardthof, printed as Schriftenreihe TG, No. 1 (1996), s. 19.
  8. Horst Blaich, Exiled from the Holy Land, Bloomington (IN): Trafford, 2009, ISBN 978-1-4251-3891-2.
  9. Paul Sauer,Vom Land um den Asperg im Namen Gottes nach Palästina und Australien: Die wechselvolle Geschichte der Tempelgesellschaft, lecture held on 20. oktober 1995 in Burgstetten on the occasion of the 750th anniversary of Kirschenhardthof, printed as Schriftenreihe TG, No. 1 (1996), s. 20.
  10. «Zionist Parachutists - Zionism and Israel -Encyclopedia / Dictionary/Lexicon of zionism/Israel/». sionisme-israel.com. Henta 27. februar 2015.