Opna hovudmenyen

Alpes-Maritimes

franske departement
Alpes-Maritimes
Våpenskjoldet til Alpes-Maritimes
Plassering
Plasseringa til Alpes-Maritimes i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 06
Region: Provence-Alpes-Côte d'Azur
Préfecture: Nice
Sous-préfectures: Grasse
Arrondissement: 2
Kantonar: 52
Kommunar: 163
Président du conseil général: Christian Estrosi
Statistikk
Folketal Rangering 20.
 -1999 1 011 326
Folketettleik: 235/km²
Landareal¹: 4 299 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Alpes-Maritimes er eit departementet heilt søraust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur.

HistorieEndra

Romarane hadde ein provins her kalla Alpes Maritimae så tidleg som i 7 fvt.. Hovudstaden i provinsen var Cemenelum, i dag Cimiez, eit nabolag nord for Nice. På sitt største i 297 vart provinsen utvida til Digne og Briançon, og hovudstaden var Embrun.

Eit departementet med dette namnet eksistert i Frankrike frå 1793 til 1815, men hadde forskjellige grenser og inkluderte Monaco og San Remo.

Departementet slik det er i dag vart oppretta i 1860grevskapet Nice vart annektert. Det vart sett saman av grevskapet Nice og arrondissementet Grasse i departementet Var.

I 1947 vart departementet gjort større med å legge til kommunen Tende og La Brigue, som hadde vore italiensk etter dei vart annektert i 1860.

GeografiEndra

ØkonomiEndra

Økonomien i departementet er stort sett driven av turisme. Berre Paris har fleire hotell enn Nice. På grunn av det milde klimaet kjem det turistar her året rundt.

Av andre store industriar finn ein parfymeindustrien i Grasse og den høgteknologiske industrien rundt Sophia-Antipolis.

DemografiEndra

Innbyggjarane i departementet vert kalla maralphins, men vert òg ofte kalla azuréens.

Då Nice vart fransk i 1860 var det framleis ein liten by og departementet hadde mindre enn 200 000 innbyggjarar. Folketalet voks derimot raskt frå 300 000 på byrjinga av 1900-talet til over ein million. Folkesetnaden vert derimot eldre fordi mange pensjonistar flyttar til kysten.

Folkesetnaden er i dag konsentrert i dei urbane områda rundt Cannes, Grasse, Nice og Menton, som har 90 % av den totale folkesetnaden.

KulturEndra

Filmfestivalen i Cannes får årleg mykje merksemd og besøk av mektige folk i filmindustrien. Juan-les-Pins har ein årleg jazzfestival.

TurismeEndra

Turismen i departementet er konsentrert om Rivieraen, kjend som Côte d'Azur, med sine strender og lukseriøse hotell.

Området innanfor Cote d'Azur er fint for utandørssport som sykling, fjellsykling, skigåing, fjellturar, fjellklatring, kanoroing, rafting, fiske og riding.

YmseEndra

Asteroiden 100122 Alpes Maritimes er kalla opp etter departemenetet.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Alpes-Maritimes