Antibes (oksitansk Antíbol eller Antibo) er ein ferieby søraust i Frankrike. Han ligg ved kysten av MiddelhavetDen franske rivieraen mellom Cannes og Nice, om lag 20 km sørvest for Nice på austsida av halvøya Garoupe. Innbyggjarane her vert kalla Antibois eller Antipolitains.

Antibes
Horisonten til Antibes
Horisonten til Antibes
Byvåpenet til Antibes
Byvåpenet til Antibes
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Provence-Alpes-Côte d'Azur
Alpes-Maritimes
Grunnlagd 500-talet fvt.
Geografi
Flatevidd 26,48 km²
Flatevidd
 - By

26,48 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

72 300
  2 735/km²
Koordinatar 43°34′51″N 07°07′26″E / 43.58083°N 7.12389°E / 43.58083; 7.12389
Høgd over havet 9 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: www.antibes-juanlespins.com

Det var tidlegare mange festningsverk rundt byen, men alle festningsvollane, bortsett frå Fort Carré, bygd av Vauban, og vollane langs sjøen, vart øydelagd i 1860-åra. Ein ny by voks så opp utanfor dei tidlegare forsvarsverka.

Antibes har den største lystbåthamna (etter totalt tonnasje) på Den franske rivieraen. Ho vart bygd i 1960-åra på same stad som ei tidlegare romersk hamn. Det er framleis ein lokal fiskeindustri i byen, men han er langt mindre enn for hundre år sidan. Tidlegare låg det eit parfymedestilleri her, sidan omgivnadane var svært rik på blomar. I dag vert det framleis produsert parfyme på kommersiell skala i Grasse, som ligg i nærleiken.

Historie endre

Gresk Antipolis endre

I førhistorisk tid var området rundt Antibes busett av Deciates, ei stamme av ligurarar. Deciates hadde ein by i området kalla oppidum Deciatum, men dette var ikkje sjølve Antibes.

Antibes var den antikke Antipolis, som vart grunnlagd som ein koloni av Massallia (Marseille) på 500-talet fvt. i bukta overfor Nikea (Nice). Namnet på gresk tyder bokstavleg «byen overfor», og vert nemnd i Geografi av Strabo. Sjølv om det ikkje er spor igjen etter den greske hamna har ein funne vrak av forliste skip i sjøen utanfor.

Polybius (Histories, 33.7) fortel i 155 fvt. at ligurarane gjekk til åtak på Massallia, Antipolis og Nikea, og som følgje av dette bad Massalia romarane om hjelp på grunn av ein avtale mellom Massalia og Roma. Romarane kom og sigra, og dette førte til større romersk aktivitet i området, noko som kulminerte i slaget ved Aquae Sextiae i 102 fvt. og opprettinga av den romerske provinsen Narbonensis langs kysten frå Alpane til Pyreneane.

Romersk Civitas Antipolitana endre

I 43 fvt. mista Antipolis statusen sin som ein fri masaliotisk by, og vart annektert av romarane, som kalla han Civitas Antipolitana. Dette vart seinare reffert til av Strabo (Geografi, 4.1.9).

Turisme og kultur endre

 
Typsik provensalsk ruelle i Antibes

Historia, klimaet, kunstsamlingane, strendene og lystbåthamna i Antibes trekkjer til seg mange turistar.

I Château Grimaldi har byen eit galleri med ei unik samling av Pablo Picasso sin verk, skapt i den perioden han budde i byen. Her finst teikningar, trykk, måleri og fleire keramikkarbeid – meir enn 300 verk i alt donert av kunstnaren. Samlinga er òg supplert med gåver og er nok byen sin største attraksjon.

Både Victor Hugo og Graham Greene har budd i Antibes, Greene i dei 25 siste åra av livet sitt (1966-1991). F. Scott Fitzgerald sin roman «Tender is the Night» har hotellet Eden Roc på Cap d’Antibes som omslag.

Juan-les-Pins, som er ein eigen by, men del av kommunen Antibes, arrangerer kvart år i juli ein jazzfestival med verdskjende utøvarar.

Kjelder endre

  • Cosson, Pierre (1995) Civitas Antipolitana: Histoire du Municipe Romain d'Antipolis. Nice, Serre Editeur. ISBN 2-86410-219-6
  • Plinus den eldre, Chorographia, II.69
  • Polybius, Histories 33.7. Tilgjengeleg online
  • Smith, William (1854) Dictionary of Greek and Roman Geography.
  • Strabo, Geographia, 4.1.9. Tilgjengeleg online

Bakgrunnsstoff endre