Cannes (okstiansk Canas eller Cano) (uttalast /kan/) er ein by og kommune som ligg i det sørlege Frankrike, på Den Franske Rivieraen, i departementet Alpes-Maritimes.

Cannes
Byvåpenet til Cannes
Byvåpenet til Cannes
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Provence-Alpes-Côte d'Azur
Alpes-Maritimes
Geografi
Flatevidd 19,62 km²
Flatevidd
 - By

19,62 km²
Innbyggjarar
 - By (2004)
   - folketettleik
 - Storbyområde

69 700
  3 430/km²
933 080 (i lag med Nice)
Koordinatar 43°31′12″N 07°01′20″E / 43.52000°N 7.02222°E / 43.52000; 7.02222
Høgd over havet 0 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.cannes.fr
Cannes sett frå Le Suquet

Byen har om lag 70 000 innbyggjarar, men i lag med nabobyen Nice dannar dei eit storbyområdet som etter ei folkteljing i 1999 hadde 933 080 innbyggjarar.

Cannes er særleg kjend for filmfestivalen som vert halde her i mai kvart år.

Geografi endre

Cannes ligg på den delen av Rivieraen som vert kalla Côte d'Azur med kort veg til Alpane. Byene er kjend for sine fine sandstrender (i motsetnad til Nice). Dei fleste strendene langs hovudgata, Boulevard de la Croisette, disponerast av hotell, men det finst òg offentlege strender, spesielt mot vest i retning Cannes Bocca.

Historie endre

Frå mellomalderen og til tidleg på 1800-talet var Cannes ein liten fiske- og jordbruksby. På 1830-talet byrja franske aristokratar og velståande utlendingar å byggje feriehus i området og byen endra seg gradvis til ein ferie- og rekreasjonsstad.

Lord Henry Peter Brougham (1778-1868) får mykje av æra for Cannes si utvikling. Lord Brougham var ein respektert og talentfull britisk politikar i si tid og oppdaga Cannes på veg til Italia i 1834. Han kjøpte område vest for Suquet (gamlebyen) og brukte så sine mange kontaktar i fransk politikk til å utvikle området.

Økonomi endre

Området rundt Cannes har trekt til seg verksemder innan teknologi. I fjella bak Cannes ligg mellom anna Sophia-Antipolis, som har ein spesielt stor konsentrasjon av slike verksemder.

Cannes Film Festival, som vert halde her kvart år i mai, er viktig både for byen og for hele filmindustrien i verda. Denne festivalen er kanskje òg den enkelthendinga som har medverka mest til å gjere Cannes kjend for heile verda. Mange store stjerner innanfor film bruker å delta på denne festivalen. Førsteprisen heiter Gullpalmen eller Palme d'Or. Festivalen vart første gong arrangert i 1946.

Elles har byen ein TV-festival kvart år i september, medan reklamefilmindustrien inntar byen med sin festival kvart år i juni. Takket vere dei store, internasjonale festivalane har byen bygd eit stort, moderne festivalpalass på ein attraktiv tomt ved Boulevard de la Croisette.

Mellom dei store festivalene er det ei rekkje kulturarrangement i byen, både innan musikk og drama.

Transport endre

Cannes ligg ved hovedjernbanelinja mellom Italia og Marseille der hurtigtoget TGV, interregionale- og regionstog går. Cannes jernbanestasjon ligg nær sentrum. I tillegg til at ei rekkje busslinjer har stoppestad ved stasjonen er det òg busstasjon ved rådhuset.

Næraste internasjonale flyplass er Nice - Côte d'Azur.

I sentrum køyrer elektriske bussar – E-LO – og «cabrioletbussar» går i høgsesongen mellom rådhuset og Palm Beach Casino.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Cannes