Alsta (og kalla Alsten, som vert bruka som ei stivna dativform) er ei øy i på Helgeland. På øya ligg fjellformasjonen Sju søstre. Aust for fjella ligg Sundøya som høyrer til Leirfjord kommune, resten av øya høyrer til Alstahaug kommune. Frå Alsta går Vefsnfjorden innover til Mosjøen.

Alsta
Strandflata på utsida av Alsta er fruktbar. Fjellrekka Sju søstre i bakgrunnen
Strandflata på utsida av Alsta er fruktbar. Fjellrekka Sju søstre i bakgrunnen
Geografi
Stad Helgeland
Koordinatar 65°58′0″N 12°36′53″E / 65.96667°N 12.61472°E / 65.96667; 12.61472

Areal 153 km²

Høgaste punkt Botnkrona (1072 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Nordland
Største busetnad Sandnessjøen (5 662 innb.)

Norðr á Hálogalandi heitir fjörðr Vefsnir. Þar liggr ey í firðinum ok heitir Álöst, mikil ey ok góð. Í henni heitir bær á Sandnesi. Þar bjó maðr, er Sigurðr hét. Hann var auðgastr norðr þar. Hann var lendr maðr ok spakr at viti. Sigríðr hét dóttir hans ok þótti kostr beztr á Hálogalandi. Hon var einberni hans ok átti arf at taka eftir Sigurð, föður sinn.

Kystriksvegen, Fylkesveg 17, går over øya. Vegen kjem nordfra og kryssar Leirfjorden med Helgelandsbrua. Alsta er landfast med Offersøya og Tjøtta. Frå Tjøtta går det ferje til Stokkasjøen i Vevelstad. Den største staden på Alsta er Sandnessjøen. Øya har gjeve namn til kyrkjestaden og kommunen Alstahaug.