Alta folkehøgskole
69°56′0″N 23°13′50″E / 69.93333°N 23.23056°E
Alta folkehøgskole | |||
Utsyn frå Skoddevarre mot Alta og Alta folkehøgskole. | |||
Motto | Se mot nord! | ||
---|---|---|---|
Skuletype | Folkehøgskole | ||
Org.nummer | 973257277 | ||
Grunnlagd | 1917 | ||
Region/fylke | Finnmark | ||
Kommune | Alta | ||
Stad | Alta | ||
Adresse | Alta folkehøgskole N-9518 Alta | ||
Eigar | Normisjon, Norges Samemisjon, Indremisjonsforbundet. | ||
Rektor | Henning Iversen | ||
Livssyn | Protestantisme | ||
Nettstad | https://altafolkehogskole.no | ||
Alta folkehøgskole 69°56′00″N 23°13′50″E / 69.933333°N 23.230556°E |
Alta folkehøgskole, tidlegare Øytun folkehøgskole, er ein kristen folkehøgskole som ligg i Alta kommune i Finnmark. Skolen ligg 6 km sør for Alta sentrum og 12 km frå Alta lufthamn. Skolen fokuserer spesielt på friluftslivfag og tar imot rundt 110 elevar i året.
Elevar ved skolen vel seg eit friluftslivs-linjefag og fire valfag fordelt på periodane haust, mørketid og vår/vinter. Alle elevane får felles turar og dagar med ulike tema og seminar. Felles skoleturar går til Kolahalvøya i Russland og og Levi i Finland. I tillegg blir det mellom anna arrangert «bli-kjent-tur» til Orroshytta, skolehytta på Finnmarksvidda, førstehjelpskurs, felleskapsseminar, soldagstur, samisk seminar og avslutningstur til Jøkelfjorden. Skolen har gymsal, trimrom, skytesimulator, bandrom, buldrerom, skimakarverkstad og sykkelverkstad.
Skolen blei skipa i 1917 i Havøysund i Måsøy kommune under namnet Øytun. I 1967 flytte skolen til Alta, men namnet Øytun blei ført vidare. Skolen ligg i furuskog ved foten av fjellet Skoddevarre og har gangavstand til Altaelva. Skolebygningen og 8 internat er oppført rundt eit tun. Skolen er eigd av Normisjon, Norges Samemisjon og Indremisjonsforbundet. I desember 2016 skifte skolen namn til Alta folkehøgskole – folkehøgskolen for Arktisk Villmarksliv.[1] Tunet på skolen er framleis kalla Øytun.
Linjefag ved skolen i 2019:
endre- Arktis – Svalbard
- Friluftsliv 70° Nord
- Friluftsliv Ingen Grenser
- Hundekjøring – Finnmarksløpet
- Jakt og fiske
- Foto villmark – Island/USA
- Off Piste – ski og sykkel
Skolen tilbyr også halvårskursa Ski og skred og Circum Polar, i tillegg til andre kortkurs.
Kjelder
endre- ↑ «Skifter ut Øytun-navnet». 15. desember 2016. Henta 12. mars 2019.
- «Om skolen». Alta folkehøgskole. Henta 12. mars 2019.
- «Alta folkehøgskole - Om skolen». folkehøgskole.no. Henta 12. mars 2019.