Alta kraftverk

vannkraftverk i Alta kommune, Finnmark - Finnmárku fylke, Noreg

Alta kraftverk er eit vasskraftverk i Sautso i Alta kommune i Finnmark fylke. Verket vart kjent etter den største sivile ulydigheitsaksjonen i Noreg etter striden i samband med utbygginga av Alta-Kautokeinovassdraget.

Alta kraftverk

Kart
Alta kraftverk
69°42′17″N 23°49′07″E / 69.70472222°N 23.81861111°E / 69.70472222; 23.81861111

Alta kraftverk har to aggregat (100 MW og 50 MW). Gjennomsnittleg årsproduksjon er på 655 GWh. Eigar er Statkraft.

Kraftverket er bygd 40 kilometer frå utløpet av Altaelva. Elva får i løpet av dei 170 kilometrane til utløpet, tilsig frå ein stor del av Finnmarksvidda. Dei nedste 40 kilometrane av elva er lakseførande.

Demninga

Kraftverket utnyttar eit fall på 185 meter frå det 18 kilometer lange magasinet Virdnejávri. Virdnejávri vert regulert mellom 265 og 200 moh. Frå den 110 meter høge dammen til utløpet frå kraftstasjonen, er elva tørrlagd på ei strekning av to kilometer.

I dag er eit altakraftverk vorte ei uoffisiell eining, og det vert gjerne referert til kor mange altakraftverk ei ny kraftutbygging vil gje som årleg energiproduksjon.

Kjelder endre

 
Kartskisse over heile systemet (NVE/Statkraft)