Opna hovudmenyen

Altevatnet (samisk: Álttesjávri) er ein innsjø i Bardu kommune i Troms. Altevatnet er den tiande største innsjøen i Noreg.

Altevatnet
Alddesjávri
innsjø
Utsikt innover Altevatnet.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms
Kommune Bardu
Utløp Barduelva
Høgd over havet 489 moh
Areal 79,71 km²
Største djupn 99 m
Koordinatar 68°31′N 19°32′EKoordinatar: 68°31′N 19°32′E
Wikimedia Commons: Altevatnet

Innset, Straumsmo og Bardufoss kraftverk nyttar alle den magasinkapasiteten som ligg i Altevatnet. Magasinkapasitet er på 1027 millionar m3. Vatnet er oppdemd og kan regulerast mellom 489 og 472 moh.

Namnet Altevatnet er ei fornorsking av det samiske namnet Álddesjávri. Ordet jávri tyder innsjø, medan den fyrste delen av namnet truleg kjem av álda og har tydinga offerplass. [1]

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

  1. Red: Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola: Norsk stadnamnleksikon. Det Norske Samlaget, Oslo 1997 ISBN 82-521-4905-7

Denne artikkelen byggjer på Altevatnet henta frå Wikipedia på bokmål 14. januar 2008.

  Denne geografiartikkelen som har med Troms å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.