Opna hovudmenyen

Alumim (hebraisk skrift עֲלוּמִים, tyder Ungdom) er ein kibbutz nordvest i Negevørkenen sør i Israel. Han ligg nær Gazastripa og høyrer til Sdot Negev regionale kommune. I 2011 hadde han 430 innbyggjarar.[1]

Alumim
landsby
Alumim.JPG
Inngangen til kibbutzen
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Negev
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Sdot Negev
Koordinatar 31°27′5.75″N 34°30′48.95″E
Folketal 430 (2011) [1]
Grunnlagd 1966
 - Grunnlagd av tidlegare Bnei Akiva-medlemmar
Tilhøyrsle Den religiøse kibbutzrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Alumim
Nettstad: www.alumim.co.il

HistorieEndra

Kibbutzen vart grunnlagd i 1966 som ein grensebusetnad mot Egypt av Bnei Akiva-medlemmar frå ein Nahal-gar'in. Landområdet hadde høyrt til Den religiøse kibbutzrørsla sidan 1940-åra og det vart tidlegare drive jordbruk her av kibbutzen Be'erot Yitzhak, som vart flytta då han vart øydelagd under den arabisk-israelske krigen i 1948.

I løpet av åra kom fleire Nahal-grupper til kibbutzen, i tillegg til grupper av immigrantar frå World Bnei Akiva. Dei største gruppene frå utlandet kom frå Storbritannia. I dag har Alumim kring 140 medlemmar, basert på kring 70 familiar. Kring 20% av medlemmane er immigrantar frå Storbritannia.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011. Henta 9. oktober 2014. 

BakgrunnsstoffEndra