Alumnus eller alumn (frå latin for 'fosterson', gjennom USA-engelsk) er eit akademisk omgrep som etter USA-amerikansk førebilete no har vorte teke i bruk i norsk og andre språk om ein tidlegare elev eller student ved ein høgskule eller eit universitet, vanlegvis etter avsluttande eksamen frå skulen eller universitetet, i somme land òg for elevar frå gymnas og andre lærestader på liknande nivå. Alumnus eller alumn er såleis ingen akademisk grad eller yrkestittel, men ei nemning utan vidare meining enn at vedkomande har vore student ved den lærestaden som vedkomande er alumnus eller alumn ved.

Det har vorte vanleg i mange land, også i Noreg, at det ved høgskular og universitet vert skipa såkalla alumnusnettverk, det vil seie at lærestaden legg til rette for at tidlegare studentar kan halde kontakt med lærestaden og kvarandre for å utveksle kunnskap og røynsler. I USA er ofte tanken attom slike alumnusnettverk dessutan å få kontaktar i næringslivet med sikte på å oppnå økonomiske tilskott til universitetet.

Ordet alumnus eller alumn, som i si noverande meining må reknast som eit nytt ord i norsk, bør ifylgje Språkrådet nyttast i denne forma: ein alumnus – fleire alumnusar, eller ein alumn – fleire alumnar.

Tidlegare bruk av nemninga endre

I eldre tid vart nemninga alumn nytta om ein elev på ein lærestad som gav både kost, losji og undervisning, anten gratis eller mot vederlag. Med utgangspunkt i dette vart nemninga òg nytta i utvida meining om ein som var elev ved ein lærestad.

Kjelder endre