Alvhem
58°0′18.922″N 12°9′24.948″E / 58.00525611°N 12.15693000°E
Alvhem | |||
tettstad | |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Areal | 87 km² | ||
Folketal | 369 (31. desember 2020) | ||
Alvhem 58°00′04″N 12°10′09″E / 58.001146742209°N 12.169059824679°E | |||
Wikimedia Commons: Alvhem |
Alvhem er ein svensk tettstad i Ale kommun i Västra Götalands län i landskapet Västergötland. I 2005 hadde tettstaden 232 innbyggjarar.
Tettstaden ligg ved E45 og Bergslagsbanan (no Noreg/Vänerbanan), aust for Göta älv, snaut 4 mil nordaust for Göteborg.
Frå Alvhem går Lödöse-Lilla Edets Järnväg, der persontrafikken tok slutt i 1953. Jernbanestasjonen blei opna i 1906 og blei nedlagd i 1970.
Alvhems kongsgard
endreStasjonsbyen er kalla opp etter Alvhems kongsgard, omtalt alt i 1528 (Alffuem kongsgardt), då Tuve Birgersson Lilliehöök fekk han i forlening. Gardsnamnet Alweim er derimot av eldre dato, omtalt 1377, då Noregs konge Håkon VI Magnusson (1340–1380) forlente eiendommen til ein undersått.
Kongsgarden var frå 1681 residens for Henrik von Vicken (1624–1690), landshøvding i Älvsborgs län. Då den tidlegare residensby Borås blei øydelagd i bybrannen i 1681, avgjorde ein at ny residensby skulle bli Vänersborg. Residensen der stod ikkje klar før etter von Vicken var død.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Alvhem» frå Wikipedia på bokmål, den 29. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Bror A. Andersson: Skepplanda socken, Säffle 1972