Alyawarr
Alyawarr er eit australsk språk som vart snakka av 1 450 personar i 1996. Alyawarr blir snakka ved Sandover og Tennant creek i Nordterritoriet og Queensland i Australia. Alyawarr tilhøyrer dei pama-nyunganske språka. Det er nærast i slekt med vest-arrarnte (språkkode are), anmatyerre (amx) og kaytetye (gbb).
Alyawarr | ||
Klassifisering: | Australske språk Pama-nyunganske språk Arandiske språk Alyawarr | |
Bruk | ||
Tala i: | Nordterritoriet og Queensland i Australia | |
Alyawarrtalande i alt: | 1 660 (2006) | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1: | Ingen | |
ISO 639-2: | aus |
Språket har berre tre innfødde talord: Anyent [ʌˈɲəntʰ] for 1, atherr [ʌ'tθəɾᵉ] for 2 og irrpety [iɾ'pitʃ] for 3. For tal høgare enn dette brukte ein oppphavleg irrpetyap [ir'pitʃʌp], som tyder 'nokre', akngerr [ʌk'ŋəɾᵊ], 'mange' eller akngerr innga [ʌk'ŋə in'ŋʌ], 'svært mange'. Ein har seinare teke i bruk engelske talord som lånord.
BakgrunnsstoffEndra
- Ethnologue - Languages of the World
- Bibelhistorier og songar på alyawarr ved globalrecordings.net
- Swadesh-ord på alyawarr frå The Rosetta Project
KjelderEndra
Denne språkartikkelen som har med Australia å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.